Føremålet med gjeldsforvaltninga:
- Sikra ein lågast mogleg finansieringskostnad, stabil finansiering og god likviditet.
Med bakgrunn i samanslåinga med Stavanger kommune og felles gjeldsforvaltning er det gjort tilpassingar i låneporteføljen til Finnøy i siste tertial 2019 for å letta konverteringsarbeidet. Mange små lån er slått saman til eitt stort investeringslån i Kommunalbanken. Dette bryt isolert sett med refinansieringsrisikoen for Finnøy ved at eit enkeltlån utgjer meir enn 40 % av samla gjeldsportefølje.
Låneportefølje per kreditor
Kreditor | Gjeld per 31.12.2019 | % av totalgjeld | Rente-sats |
---|---|---|---|
Kommunalbanken AS | 260 mill. | 83 % | 2,04 % |
Husbanken | 56 mill. | 17 % | 1,89 % |
KLP | |||
Rentebytteavtaler | -15 mill. | 3,28 % | |
Sum lån/snittrente | 316 mill. | 100 % | 2,02 % |
Vidare påverkar dette vilkåra om at ein del av låneporteføljen med fast rente skal liggje i intervallet 25-75 %. Hovudlånet er no med flytande rente. I tillegg har renteswappen forfall i fysste halvdel av 2020. Dermed føreligg ingen fast rente per 31.12.2019. Frå 01.01.2020 i ny kommune vil finansforvaltninga vere i tråd med dei reglane som er satt av kommunestyret for nye Stavanger kommune.
Rentedurasjonen seier noko om kor følsam låneporteføljen er overfor ei endring i rentenivået. Rentedurasjonen på kommunen si brutto innlånsportefølje per utgangen av desember 2019 var på 0,32 år. Lav verdi her heng saman med grepa som er føretekne i siste tertial for å letta arbeidet med å overføra inngangsverdiane til ein ny kommune 01.01.2020. Ifølge finansreglementet skal den vere mellom 0,5 år og 5 år.
I samsvar med kommunestyrevedtak for årsbudsjett 2019, sak 67/18, med endringar i kommunestyresak 27/19 og 35/19, er det budsjettert med følgjande låneopptak i 2019:
- Kr 22,13 mill. til finansiering av eigne investeringar
- Kr 0 mill. i startlån til videre utlån.
Låneopptaket for 2019 blei føretatt fysst i november 2019 og gjort samstundes med ein refinansiering av fleire små lån inn i eit større 6 månaders sertifikatlån. Netto auke i lånegjelda blei kr 9 mill. når avdrag er betalt. Brutto lånegjeld blei kr 316 mill. ved årsslutt. Dette gjev eit snitt per innbyggjar i Finnøy på kr 100 103 per 31.12.2019, samanlikna med kr 97 432 per 31.12.2018. Sjå også utvikling i måltal i kapittel 2.
Gjeld og avdrag per 31.12.2019 | |
---|---|
Brutto lånegjeld pr. 31.12.2018 | 307 mill. |
Låneopptak i 2019: | |
Investeringslån | 22 mill. |
Startlån | 0 mill. |
Avdrag: | |
Betalt avdrag 01.01. – 31.12.2019 | 13 mill. |
Avsatte avdrag | 0 mill. |
Brutto lånegjeld per 31.12.2019 | 316 mill. |
Figur 9.2 illustrerer korleis rentekostnadane til gjeldsporteføljen vil endra seg dersom det skjer endringar i rentenivå.