Rapporten tek utgangspunkt i det finansreglementet som gjaldt for Finnøy kommune i 2019, vedteke av kommunestyret 22.06.2016 i sak 036/16. Rådmannen har rapportert tertialvis og det har ikkje oppstått episodar som har medført særskild rapportering i løpet av året.
Føremål med finansforvaltninga:
- Reglementet skal ivareta grunnprinsippet i kommunelovas formålsbestemming om optimal utnytting av kommunens tilgjengelege ressursar med sikte på å kunne gi best mogleg tenestetilbod.
- Finnøy kommunes finansielle posisjonar skal forvaltast som ein heilheit kor ein søkjer å oppnå lågast mogleg netto finansutgifter over tid, samtidig som det sikrast at kommunen si finansielle stilling i størst mogleg grad er føreseieleg. i.
Samla oversikt over likvide midlar og lånegjeld kjem fram i tabell 8.1. Bankinnskot er noko redusert samstundes som lånegjelda har auka frå 31.12.2018 til 31.12.2019. Dette er eit resultat av lågare driftsinntekter i 2019, auka bruk av fond, samstundes med eit høgare investeringsnivå enn året før.
Rekneskap 31.12.2019 | Rekneskap 2. tertial 2019 | Rekneskap 1. tertial 2019 | Rekneskap 31.12.2018 | |
---|---|---|---|---|
Bankinnskot (ekskl. skattetrekk og startlån) | 95 mill. | 105 mill. | 108 mill. | 118 mill. |
Brutto lånegjeld | 316 mill. | 298 mill. | 303 mill. | 307 mill. |
Renteutgifter i løpet av 1 år | 3,8 mill. | 7 mill. | 7 mill. | |
Rentesensitivitet ved 1 % endring - etter 1 år | 0,3 mill. | 1,4 mill. | 0,8 mill. | |
Gjennomsnittleg lånerente | 2,02 % | 2,13 % | 1,87 % |
I det påfølgjande vert forvaltninga av likviditet og finansielle aktiva og passiva nærmare omtala. Til slutt litt om renteutviklinga i 2019.