9.1 Innleiing
Rapporten tek utgangspunkt i det finansreglementet som gjaldt for Finnøy kommune i 2019, vedteke av kommunestyret 22.06.2016 i sak 036/16. Rådmannen har rapportert tertialvis og det har ikkje oppstått episodar som har medført særskild rapportering i løpet av året.
Føremål med finansforvaltninga:
- Reglementet skal ivareta grunnprinsippet i kommunelovas formålsbestemming om optimal utnytting av kommunens tilgjengelege ressursar med sikte på å kunne gi best mogleg tenestetilbod.
- Finnøy kommunes finansielle posisjonar skal forvaltast som ein heilheit kor ein søkjer å oppnå lågast mogleg netto finansutgifter over tid, samtidig som det sikrast at kommunen si finansielle stilling i størst mogleg grad er føreseieleg. i.
Samla oversikt over likvide midlar og lånegjeld kjem fram i tabell 8.1. Bankinnskot er noko redusert samstundes som lånegjelda har auka frå 31.12.2018 til 31.12.2019. Dette er eit resultat av lågare driftsinntekter i 2019, auka bruk av fond, samstundes med eit høgare investeringsnivå enn året før.
Rekneskap 31.12.2019 | Rekneskap 2. tertial 2019 | Rekneskap 1. tertial 2019 | Rekneskap 31.12.2018 | |
---|---|---|---|---|
Bankinnskot (ekskl. skattetrekk og startlån) | 95 mill. | 105 mill. | 108 mill. | 118 mill. |
Brutto lånegjeld | 316 mill. | 298 mill. | 303 mill. | 307 mill. |
Renteutgifter i løpet av 1 år | 3,8 mill. | 7 mill. | 7 mill. | |
Rentesensitivitet ved 1 % endring - etter 1 år | 0,3 mill. | 1,4 mill. | 0,8 mill. | |
Gjennomsnittleg lånerente | 2,02 % | 2,13 % | 1,87 % |
I det påfølgjande vert forvaltninga av likviditet og finansielle aktiva og passiva nærmare omtala. Til slutt litt om renteutviklinga i 2019.
9.2 Forvaltning av ledig likviditet og langsiktige finansielle aktiva
Føremålet med forvaltninga:
- Ledig likviditet og andre midlar berekna for driftsføremål:
- Sikre ei god avkastning med låg risiko og god likviditet.
- Langsiktige finansielle aktiva unntatt driftsføremål (det vil seia utover behovet for ein tilfredsstillande likviditet):
- Ivareta realverdien samt oppnå høgast mogleg risikojustert avkasting over tid.
All ledig likviditet berekna for driftsføremål og midlar til bruk på lenger tidshorisont er i all hovudsak plassert i bank. Kommunen oppnår gode rentebetingelsar med bl.a. NIBOR 3 månader og terskelrenter.
I tillegg har kommunen gjennom fleire år nokre eigenkapitalbevis som finansielt omløpsmiddel.
Finansielle omløpsmidlar | Anskaffelses-kost | Bokført verdi per 31.12.2019 | Urealisert verdiendring | Talet på andeler |
---|---|---|---|---|
Eigenkapitalbevis | ||||
Sandnes Sparebank | 310 426 | 279 457 | 50 052 | 4 171 |
Eigenkapitalbevis er bokført til ein marknadsverdi per 31.12.2019 som ligg kr 50 052 høgare enn året før, sjå note 2.
9.3 Gjeldsporteføljen og andre finansieringsavtalar
Føremålet med gjeldsforvaltninga:
- Sikra ein lågast mogleg finansieringskostnad, stabil finansiering og god likviditet.
Med bakgrunn i samanslåinga med Stavanger kommune og felles gjeldsforvaltning er det gjort tilpassingar i låneporteføljen til Finnøy i siste tertial 2019 for å letta konverteringsarbeidet. Mange små lån er slått saman til eitt stort investeringslån i Kommunalbanken. Dette bryt isolert sett med refinansieringsrisikoen for Finnøy ved at eit enkeltlån utgjer meir enn 40 % av samla gjeldsportefølje.
Låneportefølje per kreditor
Kreditor | Gjeld per 31.12.2019 | % av totalgjeld | Rente-sats |
---|---|---|---|
Kommunalbanken AS | 260 mill. | 83 % | 2,04 % |
Husbanken | 56 mill. | 17 % | 1,89 % |
KLP | |||
Rentebytteavtaler | -15 mill. | 3,28 % | |
Sum lån/snittrente | 316 mill. | 100 % | 2,02 % |
Vidare påverkar dette vilkåra om at ein del av låneporteføljen med fast rente skal liggje i intervallet 25-75 %. Hovudlånet er no med flytande rente. I tillegg har renteswappen forfall i fysste halvdel av 2020. Dermed føreligg ingen fast rente per 31.12.2019. Frå 01.01.2020 i ny kommune vil finansforvaltninga vere i tråd med dei reglane som er satt av kommunestyret for nye Stavanger kommune.
Rentedurasjonen seier noko om kor følsam låneporteføljen er overfor ei endring i rentenivået. Rentedurasjonen på kommunen si brutto innlånsportefølje per utgangen av desember 2019 var på 0,32 år. Lav verdi her heng saman med grepa som er føretekne i siste tertial for å letta arbeidet med å overføra inngangsverdiane til ein ny kommune 01.01.2020. Ifølge finansreglementet skal den vere mellom 0,5 år og 5 år.
I samsvar med kommunestyrevedtak for årsbudsjett 2019, sak 67/18, med endringar i kommunestyresak 27/19 og 35/19, er det budsjettert med følgjande låneopptak i 2019:
- Kr 22,13 mill. til finansiering av eigne investeringar
- Kr 0 mill. i startlån til videre utlån.
Låneopptaket for 2019 blei føretatt fysst i november 2019 og gjort samstundes med ein refinansiering av fleire små lån inn i eit større 6 månaders sertifikatlån. Netto auke i lånegjelda blei kr 9 mill. når avdrag er betalt. Brutto lånegjeld blei kr 316 mill. ved årsslutt. Dette gjev eit snitt per innbyggjar i Finnøy på kr 100 103 per 31.12.2019, samanlikna med kr 97 432 per 31.12.2018. Sjå også utvikling i måltal i kapittel 2.
Gjeld og avdrag per 31.12.2019 | |
---|---|
Brutto lånegjeld pr. 31.12.2018 | 307 mill. |
Låneopptak i 2019: | |
Investeringslån | 22 mill. |
Startlån | 0 mill. |
Avdrag: | |
Betalt avdrag 01.01. – 31.12.2019 | 13 mill. |
Avsatte avdrag | 0 mill. |
Brutto lånegjeld per 31.12.2019 | 316 mill. |
Figur 9.2 illustrerer korleis rentekostnadane til gjeldsporteføljen vil endra seg dersom det skjer endringar i rentenivå.
9.4 Generell renteutvikling i 2019
Utviklinga mellom «korte og lange» renter i løpet av 2019 kjem fram i figur 9.3. Rentekurven for langsiktige renter gjorde eit markant fall i skiftet mellom andre og tredje tertial 2019. Frå å ligga høgt over tremånaders renta har dei i siste tertial folge kvarandre tettare i jamn vekst.
Ved oppstarten av 2019 var det heilt andre forventningar i marknaden til renteutviklinga enn kva det er eit år seinare. Lange renter prisast nå lågare enn eit år tidlegare, medan korte renter er dyrare.