Investeringsprosjekt blir prosjektfinansiert. Av denne grunn er oversikten basert på brutto investeringskostnadar.
Samla for investeringsprosjekt utanom Vatn og avløp er det brukt kr 17,3 mill. med ei forventa brutto kostnadsramme på kr 13,75 mill. Meirforbruket gjeld særleg prosjekta Skartveit kai og kunstgrasbane Sjernarøy. Dei blei meir omfattande og dyrare enn planlagt, i tillegg til at budsjettet til kunstgrasbanen ikkje blei endra frå tilskots- til eigaransvar.
Prosjekt med mindre forbruk enn planlagd finansierar prosjekt som har meirforbruk. Prosjekt som er utsett i tid eller førast vidare i 2020 er handsama i handlings- og økonomiplanen for 2020-2023, eventuelt vert vurdert på nytt i fyrste tertialrapport i 2020.
Prosjekt-nummer | Investeringsprosjekt | Total prosjekt-kostnad | Regulert budsjett 2019 | Rekneskap 2019 | Akk. Forbruk per 31.12.2019 |
---|---|---|---|---|---|
OPPVEKST | |||||
91 | Finnøy sentralskule - gasskjel / el-kjel | 300 | 300 | 355 | 355 |
93 | Hagatoppen barnehage - oppgradering av uteområde | 900 | 100 | 64 | 64 |
98 | Finnøy sentralskule - tribuneanlegg | 700 | 402 | 402 | 402 |
99 | Sjernarøy oppvekstsenter - gjerde langs sjø | 150 | 150 | 150 | 150 |
230 | Sjernarøy oppvekstsenter - nærmiljøanlegg | 160 | 20 | 20 | 703 |
SUM OPPVEKST | 2 210 | 972 | 991 | 1 675 | |
HELSE OG OMSORG | |||||
94 | Finnøy pleie- og omsorgssenter - brannsikring | 100 | 49 | 49 | 49 |
95 | Finnøy legekontor - oppgradering | 200 | 200 | 173 | 173 |
96 | Oppgradering av aldersbustadane | 900 | 790 | 790 | 790 |
97 | Faatunet - oppgradering av uteområde | 300 | 300 | 10 | 10 |
300 | Finnøy pleie- og omsorgssenter - pasientvarslingsanlegg | 349 | 49 | 49 | 340 |
379 | Finnøy pleie- og omsorgssenter - utbygging | 116 000 | 49 | 49 | 595 |
SUM HELSE OG OMSORG | 117 849 | 1 437 | 1 120 | 1 957 | |
PLAN OG FORVALTNING | |||||
765 | Vegskilting - ikkje landfaste øyar | 1 500 | 500 | 709 | 843 |
DRIFT OG UTBYGGING | |||||
90 | Kunstgrasbane - Sjernarøy | 1 000 | 1 000 | 2 623 | 2 623 |
92 | Teknisk lager - utbygging | 5 000 | 0 | 0 | 0 |
100 | Lysløype Teigen | 700 | 350 | 385 | 385 |
724 | Skartveit kai | 7 500 | 6 900 | 8 609 | 9 588 |
737 | Brannstasjon - nybygg | 15 000 | 1 040 | 1 040 | 1 040 |
752 | Gatebelysning - kvikksølvskifte | 550 | 300 | 393 | 689 |
603 | Møllelia Bustadfelt | 251 | 251 | 244 | 244 |
30196101 | Gamle Rygjabø - riving/rydding | 1 000 | 1 000 | 1 143 | 1 143 |
SUM DRIFT OG UTBYGGING | 31 001 | 10 841 | 14 437 | 15 713 | |
SUM INVESTERINGAR TOTALT | 152 560 | 13 750 | 17 258 | 20 188 |
Investeringsprosjekt under kr 0,15 mill. i 2019 og som er utførte i tråd med regulert budsjett, vert ikkje nærmare omtala. Dette gjeld:
- Prosjekt 93 – Hagatoppen barnehage – oppgradering av uteområdet – fortset i 2020
- Prosjekt 94 – Finnøy pleie- og omsorgssenter – Brannsikring fase 1
- Prosjekt 99 – Sjernarøy oppvekstsenter – gjerde langs sjø
8.1.1 Spelemiddelsprosjekt
Prosjekt 90 Kunstgrasbane – Sjernarøy
I 2018 vart kr 1,0 mill. løyvd til kunstgrasbane på Sjernarøy. Prosjektet vart forseinka og flytta over til 2019. I grunnlaget vart det lagt til grunn at kommunen skulle gi eit tilskot på kr 1 mill. Då tomta var kommunal, overtok kommunen byggeansvaret utan at budsjettet blei justert til brutto kostnadskalkyle på kr 2,38 mill. Prosjektet er bygd ferdig i 2019 til ein brutto kostnad på kr 2,6 mill. Her til kjem momskompensasjon for investeringar på kr 0,5 mill. i frådrag. Netto finansieringsbehov blir då kr 2,1 mill. Prosjektet er eit førehandsgodkjent spelemiddelprosjekt og kr 0,69 mill. er anordna som framtidig inntekt grunna siste år som sjølvstendig kommune.
Prosjekt 230 Sjernarøy – nærmiljøanlegg
Prosjektet vart finansielt sluttført i 2019 med ein mindre kostnad. Tippemidlar vert søkt.
Prosjekt 100 Lysløype Teigen
Fyrste del er utført i tråd med budsjett. Deler av det kommunale turområdet har no fått opplyste turstiar. Andre del er planlagt i 2020.
8.1.2 Investeringsprosjekt i nummerert rekkefølge
Prosjekt 91 Finnøy sentralskule – Gasskjel/ El-kjel
Planen med å skifte frå oljefyring til gasskjel blei endra til elektrisk kjel, jf. Regulering i 2. tertial 2019. Avviket gjeld momskompensasjonen som vart utegløymt i reguleringa. Prosjektet er fullført.
Prosjekt 95 Finnøy legekontor oppgradering.
Tiltaket er gjennomført i tråd med budsjett og framdriftsplan. Informasjonssikkerheita rundt telefon og pasientmottak er betydeleg betra.
Prosjekt 96 Oppgradering av aldersbustadar.
Taka på alle dei 16 aldersbustadane og omsorgsbustadane er utbetra. Tiltaket er gjennomført i tråd med budsjett.
Prosjekt 97 Faatunet –oppgradering av uteområdet.
Dette tiltaket er ikkje gjennomført i 2019 slik det var planlagt grunna utbetring av vassleidningsnettet i Faafeltet, prosjekt 748. Tiltaket var ikkje ferdig før i november. Oppgradering av uteområdet på Faatunet kunne ikkje gjennomførast før utbetring av vassleidningsnettet var ferdigstilla. Dette grunna gravearbeid i nærområdet til Faatunet. Prosjektet er utsett til 2020.
Prosjekt 98 Finnøy sentralskule – Tribunemur
Utført i tråd med revidert budsjett. Prosjektet vart avgrensa noko i omfang.
Prosjekt 30196101 Gamle Rygjabø – riving/rydding
Gamle bygg er sanerte og uteområdet er planert ut. Prosjektet er utført med eit overforbruk, noko som skuldast at deler av bygningsmassen inneheld giftstoff og måtte fraktast til mottak.
Prosjekt 300 Finnøy pleie og omsorgssenter – pasientvarslingsanlegg
Prosjektet blei vidareført frå 2018 med ein mindre kostnad og er no sluttført.
Prosjekt 379 Finnøy pleie og omsorgssenter – utbygging
Det blei inngått avtale med Stavanger eigedom om prosjektleiing til tiltaket. Kr 50 000 er nytta prosjektleiing. Tiltaket stoppa midlertidig opp tidleg våren 2019 grunna manglande kapasitet i Stavanger kommune. Arbeidet startar opp igjen våren 2020.
Prosjekt 603 Møllelia bustadfelt
Gjeld tilbakekjøp av tomt.
Prosjekt 724 Skartveit kai
Prosjektet er utført og kaien er ferdig. Meirforbruket er delvis knytt til anleggskostnadar og utbetringar som ikkje var planlagde. I tillegg er ein del av meirforbruket knytt til kommunestyresak 09/19 og rettsforliket knytt til Skartveit kai.
Prosjekt 737 Brannstasjon- nybygg
I tråd med kjøpekontrakt og oppgjersinstruks blei det i 2019 gjennomført oppgjer tilsvarande 10 % av kjøpesum ved signering av kontrakt. Prosjektet vidareførast til 2020.
Prosjekt 752 Gatebelysning
Prosjektet blei noko dyrare enn forventa.
Prosjekt 765 – vegskilting ikkje landfaste øyar
Prosjektet har ei total prosjektramme på kr 1,5 mill., fordelt med kr 0,5 mill. i 2019 og kr 1 mill. i 2020. Framdrifta blei noko finansielt framskynda og har eit overforbruk i forhold til budsjett 2019. Prosjektet ligg innanfor prosjektramma og sluttførast i 2020. Så langt er arbeid med tildeling av gatenamn, matrikkelarbeid og innsynsløysingar gjennomført med bistand frå leverandør. Siste del av prosjektet gjeld innkjøp og oppsett av gatenamnskilt i 2020. Nærmare vurderingar i forhold til total prosjektramme må gjerast når omfanget av siste del av prosjektet er klart.