Årsrapport 2019 – Finnøy kommune

Årsrapport 2019 Finnøy kommune

8 Investeringar

Investeringar er behandla i kommunestyret gjennom handsaminga av budsjett og økonomiplan 2019-2022 og tertialrapportar gjennom året. Slike prosjekt får ein budsjettfullmakt som gjeld den finansielle framdrifta i 2019. Fleire prosjekt fortset eller er flytta til 2020, både reelt og finansielt.

Følgande prosjekt har i tråd med tidlegare år ikkje vore innlagde i budsjettet. Kostnadane vert finansiert ved ubunde investeringsfond og inntekter vert satt av til ubunde investeringsfond:

  • Prosjekt 114 Eigenkapitalinnskot KLP – kr 0,7 mill. gjeld årlege eigartilføringar til KLP. Finansiert ved ubunde investeringsfond.
  • Prosjekt 105 Avdrag Lyse Energi – kr 0,9 mill. innbetalt i tråd med ein langsiktig avtale. Avsett til ubunde investeringsfond.
  • Prosjekt 136 Bibliotek og kontor-lokalar gjeld ein årleg justeringsrett som gjev inntekter som vert sett av på ubunde investeringsfond med kr 0,17 mill.

Prosjekt 163 Sal tomt til Grieg Seafood blei gjennomført seinhaustes og er bokført med kr 2,76 mill. Tidspunktet for salet var noko usikkert og blei følgeleg ikkje innarbeida i budsjettreguleringane i 2. tertial 2019. Salsinntekta finansierar andre meirforbruk. Meirforbruk gjeld særleg prosjekta Skartveit kai og kunstgrasbane Sjernarøy, sjå omtale i kapittel 8.1.1.

8.1 Investeringar

Investeringsprosjekt blir prosjektfinansiert. Av denne grunn er oversikten basert på brutto investeringskostnadar.

Samla for investeringsprosjekt utanom Vatn og avløp er det brukt kr 17,3 mill. med ei forventa brutto kostnadsramme på kr 13,75 mill. Meirforbruket gjeld særleg prosjekta Skartveit kai og kunstgrasbane Sjernarøy. Dei blei meir omfattande og dyrare enn planlagt, i tillegg til at budsjettet til kunstgrasbanen ikkje blei endra frå tilskots- til eigaransvar.

Prosjekt med mindre forbruk enn planlagd finansierar prosjekt som har meirforbruk. Prosjekt som er utsett i tid eller førast vidare i 2020 er handsama i handlings- og økonomiplanen for 2020-2023, eventuelt vert vurdert på nytt i fyrste tertialrapport i 2020.

Prosjekt-nummerInvesteringsprosjektTotal prosjekt-kostnadRegulert budsjett 2019Rekneskap 2019Akk. Forbruk
per 31.12.2019
OPPVEKST     
91Finnøy sentralskule - gasskjel / el-kjel300300355355
93Hagatoppen barnehage - oppgradering av uteområde9001006464
98Finnøy sentralskule - tribuneanlegg700402402402
99Sjernarøy oppvekstsenter - gjerde langs sjø150150150150
230Sjernarøy oppvekstsenter - nærmiljøanlegg1602020703
SUM OPPVEKST 2 2109729911 675
HELSE OG OMSORG     
94Finnøy pleie- og omsorgssenter - brannsikring100494949
95Finnøy legekontor - oppgradering200200173173
96Oppgradering av aldersbustadane 900790790790
97Faatunet - oppgradering av uteområde3003001010
300Finnøy pleie- og omsorgssenter - pasientvarslingsanlegg3494949340
379Finnøy pleie- og omsorgssenter - utbygging116 0004949595
SUM HELSE OG OMSORG 117 8491 4371 1201 957
PLAN OG FORVALTNING     
765Vegskilting - ikkje landfaste øyar1 500500709843
DRIFT OG UTBYGGING     
90Kunstgrasbane - Sjernarøy1 0001 0002 6232 623
92Teknisk lager - utbygging5 000000
100Lysløype Teigen700350385385
724Skartveit kai 7 5006 9008 6099 588
737Brannstasjon - nybygg15 0001 0401 0401 040
752Gatebelysning - kvikksølvskifte550300393689
603Møllelia Bustadfelt251251244244
30196101Gamle Rygjabø - riving/rydding1 0001 0001 1431 143
SUM DRIFT OG UTBYGGING 31 00110 84114 43715 713
SUM INVESTERINGAR TOTALT 152 56013 75017 25820 188
Tabell 8.1 nvesteringar i 2019. Beløp i heile tusen kr.
Last ned tabelldata (Excel)

Investeringsprosjekt under kr 0,15 mill. i 2019 og som er utførte i tråd med regulert budsjett, vert ikkje nærmare omtala. Dette gjeld:

  • Prosjekt 93 – Hagatoppen barnehage – oppgradering av uteområdet – fortset i 2020
  • Prosjekt 94 – Finnøy pleie- og omsorgssenter – Brannsikring fase 1
  • Prosjekt 99 – Sjernarøy oppvekstsenter – gjerde langs sjø

8.1.1 Spelemiddelsprosjekt

Prosjekt 90 Kunstgrasbane – Sjernarøy
I 2018 vart kr 1,0 mill. løyvd til kunstgrasbane på Sjernarøy. Prosjektet vart forseinka og flytta over til 2019. I grunnlaget vart det lagt til grunn at kommunen skulle gi eit tilskot på kr 1 mill. Då tomta var kommunal, overtok kommunen byggeansvaret utan at budsjettet blei justert til brutto kostnadskalkyle på kr 2,38 mill. Prosjektet er bygd ferdig i 2019 til ein brutto kostnad på kr 2,6 mill. Her til kjem momskompensasjon for investeringar på kr 0,5 mill. i frådrag. Netto finansieringsbehov blir då kr 2,1 mill. Prosjektet er eit førehandsgodkjent spelemiddelprosjekt og kr 0,69 mill. er anordna som framtidig inntekt grunna siste år som sjølvstendig kommune.

Prosjekt 230 Sjernarøy – nærmiljøanlegg
Prosjektet vart finansielt sluttført i 2019 med ein mindre kostnad. Tippemidlar vert søkt.

Prosjekt 100 Lysløype Teigen

Fyrste del er utført i tråd med budsjett. Deler av det kommunale turområdet har no fått opplyste turstiar. Andre del er planlagt i 2020.

8.1.2 Investeringsprosjekt i nummerert rekkefølge

Prosjekt 91 Finnøy sentralskule – Gasskjel/ El-kjel

Planen med å skifte frå oljefyring til gasskjel blei endra til elektrisk kjel, jf. Regulering i 2. tertial 2019. Avviket gjeld momskompensasjonen som vart utegløymt i reguleringa.  Prosjektet er fullført.

Prosjekt 95 Finnøy legekontor oppgradering.
Tiltaket er gjennomført i tråd med budsjett og framdriftsplan. Informasjonssikkerheita rundt telefon og pasientmottak er betydeleg betra.

 Prosjekt 96  Oppgradering av aldersbustadar.
Taka på alle dei 16 aldersbustadane og omsorgsbustadane er utbetra. Tiltaket er gjennomført i tråd med budsjett.

 Prosjekt 97 Faatunet –oppgradering av uteområdet.
Dette tiltaket er ikkje gjennomført i 2019 slik det var planlagt grunna utbetring av vassleidningsnettet i Faafeltet, prosjekt 748. Tiltaket var ikkje ferdig før i november. Oppgradering av uteområdet på Faatunet  kunne ikkje gjennomførast før utbetring av vassleidningsnettet var ferdigstilla. Dette grunna gravearbeid i nærområdet til Faatunet. Prosjektet er utsett til 2020.

 Prosjekt 98 Finnøy sentralskule – Tribunemur

Utført i tråd med revidert budsjett. Prosjektet vart avgrensa noko i omfang.

 Prosjekt 30196101 Gamle Rygjabø – riving/rydding

Gamle bygg er sanerte og uteområdet er planert ut. Prosjektet er utført med eit overforbruk, noko som skuldast at deler av bygningsmassen inneheld giftstoff og måtte fraktast til mottak.

Prosjekt 300 Finnøy pleie og omsorgssenter – pasientvarslingsanlegg
Prosjektet blei vidareført frå 2018 med ein mindre kostnad og er no sluttført.

 Prosjekt 379 Finnøy pleie og omsorgssenter – utbygging
Det blei inngått avtale med Stavanger eigedom om prosjektleiing til tiltaket. Kr 50 000 er nytta  prosjektleiing. Tiltaket stoppa midlertidig opp tidleg våren 2019 grunna manglande kapasitet i Stavanger kommune. Arbeidet startar opp igjen våren 2020.

 Prosjekt 603 Møllelia bustadfelt

Gjeld tilbakekjøp av tomt.

 Prosjekt 724 Skartveit kai

Prosjektet er utført og kaien er ferdig. Meirforbruket er delvis knytt til anleggskostnadar og utbetringar som ikkje var planlagde. I tillegg er ein del av meirforbruket knytt til kommunestyresak 09/19 og rettsforliket knytt til Skartveit kai.

 Prosjekt 737 Brannstasjon- nybygg

I tråd med kjøpekontrakt og oppgjersinstruks blei det i 2019 gjennomført oppgjer tilsvarande 10 % av kjøpesum ved signering av kontrakt. Prosjektet vidareførast til 2020.

 Prosjekt 752 Gatebelysning

Prosjektet blei noko dyrare enn forventa.

Prosjekt 765 – vegskilting ikkje landfaste øyar
Prosjektet har ei total prosjektramme på kr 1,5 mill., fordelt med kr 0,5 mill. i 2019 og kr 1 mill. i 2020. Framdrifta blei noko finansielt framskynda og har eit overforbruk i forhold til budsjett 2019. Prosjektet ligg innanfor prosjektramma og sluttførast i 2020. Så langt er arbeid med tildeling av gatenamn, matrikkelarbeid og innsynsløysingar gjennomført med bistand frå leverandør. Siste del av prosjektet gjeld innkjøp og oppsett av gatenamnskilt i 2020. Nærmare vurderingar i forhold til total prosjektramme må gjerast når omfanget av siste del av prosjektet er klart.

8.2 Investeringar – vatn og avløp

ProsjektnummerInvesteringsprosjektTotal prosjektkostnadRegulert budsjett 2019Rekneskap 2019Akk. Forbruk per 31.12.2019
Vatn og avløp     
82Ny sjøleidning Helgøy - Nord-Hidle 3 125 125 53 123
83Ny sjøleidning Bjergøy - Nord-Hidle 5 000 100 77 77
84Lediningsanlegg Nord-Hidle 625 000
673Sjernarøy - vassutbygging ,etappe 10: Kyrkja - Lund 5 100 2 672 2 672 4 628
745Utskifting vasskummar 3 000 750 1 865 2 124
754Oppgradering pumpestasjonar, vatn 2 250 562 381 551
755Utbygging DF-anlegg 625 375 274 522
758Sanering Judaberg - spillvassystem 7 440 7 000 5 212 5 212
Sum vatn og avløp  27 165 11 584 10 534 13 237
Tabell 8.2 Investeringar Vatn og avløp. Beløp i heile tusen kr.
Last ned tabelldata (Excel)

Prosjekt 82, 83 og 84

Prosjekta er utsett i tid.

 Prosjekt 673 Sjernarøy – vassutbygging

Prosjektet er utført i tråd med budsjett.

 Prosjekt 745 Utskifting vasskummar

Prosjektet er utført i 2019 med kr 1,1 mill. i overforbruk i årets budsjett. Samen med prosjekt 758 er det i tråd med budsjett.

 Prosjekt 754 Oppgradering pumpestasjonar

Prosjektet er utført i 2019 med eit lite mindreforbruk.

 Prosjekt 755 Utbygging DK-anlegg

Prosjektet er ferdigstilt i 2019 med eit lite mindreforbruk.

Prosjekt 758 Sanering Judaberg – spillvassystem

Ferdig 2019, innafor ramma. Saneringsprosjektet er eit to-delt prosjekt som omfatte sanering av både vatn og avløpsleidningar. Vassdelen på ca. 40 % av prosjektkostnadane er belasta prosjekt 745 i tråd med reglane for sjølvkost.