Tenesteavdeling Plan og forvaltning yt tenester innanfor byggesak og deling, kart og oppmåling, havbruk, landbruk og naturforvaltning, samt reguleringsplanar. Ansvar for næringsutvikling og overordna planarbeid er direkte underlagt rådmannen.
Kommuneplanen for 2019-2029 seier at
Gjennom langsiktig arealplanlegging og god saksbehandling og praksis skal kommunen bidra til å oppretthalde busetting og fremje bulyst, livskvalitet og lokal utviklingskraft i alle delar av kommunen.
Kommunen skal vere ein opplevings- og miljøkommune med eit variert kulturlandskap som gir rom for busetnad, naturmangfald og friluftsliv.
7.1 Økonomi
Ansvar | Rekneskap 2019 | Budsjett 2019 | Forbruk i % | Avvik (kr) | Rekneskap 2018 | |
---|---|---|---|---|---|---|
600 | PLAN OG FORVALTNING | 4 847 292 | 7 815 370 | 62,00 % | 2 968 078 | 6 063 384 |
610 | DRIFT OG UTBYGGING | 8 514 657 | 9 455 621 | 90,00 % | 940 964 | 9 088 052 |
620 | VA (VATN OG AVLØP) | -4 705 630 | -5 027 000 | 93,60 % | -321 370 | -4 386 147 |
SUM PLAN OG FORVALTNING | 8 656 319 | 12 243 991 | 70,70 % | 3 587 672 | 10 765 289 |
Ansvar 600 – Plan og forvaltning – har eit mindreforbruk på om lag kr 3 mill. Hovudårsaka er meirinntekter på om lag kr 0,8 mill. knytt til gebyr (byggesak, kart og oppmåling) og rundt kr 0,3 mill. i ulike refusjonar, samt om lag kr 1,7 mill. grunna vakante stillingar. Samtidig vart digitalisering av byggesaksarkiv noko dyrare enn planlagd. Overforbruket er dekka innanfor tildelt budsjettramme for Plan og forvaltning. Sjå omtale under kapittel 7.2.
Ansvar 610 – Drift og utbygging – har eit mindreforbruk på om lag kr 0,9 mill. Hovudårsaka til dette er mindre vedlikehald på særleg kommunale vegar, samstundes som det har auka noko på kommunale bustadar. Gjenvinning og sluttbehandling av avfall visar eit bokført underskot på om lag kr 0,1 mill. Sjå kapittel 3.1.4 for meir informasjon om sjølvkostrekneskapa. Tabell 7.2 viser rekneskap opp mot budsjett.
Dei totale gebyrinntektene for vatn og avløp blei kr 0,3 mill. lågare enn dei budsjetterte inntektene på kr 10,2 mill. Forbruk- og abonnementsgebyra utgjorde om lag 105 % av budsjettet og tilknytingsgebyra om lag 33 %. Svikten i tilknytingsgebyr vatn kan skyldast at folk har valt å venta til 2020 med å knyte seg til vassverket.
Det er IVAR IKS som leverer vatn og avløpstenester til Finnøy.
Ekstra driftstiltak vart lagt inn i budsjettet for 2019 og finansiert av driftsfonda. Saneringsprosjektet i Faafeltet tok mykje av kapasiteten i avdelinga og dermed blei det utfordrande å gjera ekstra tiltak. Eit større prosjekt som sjøleidning frå Bjergøy til Nord-Hilde vart også utsett då kostnadsbilete endra seg kraftig i høve det som var budsjettert. Dermed blei driftskostnadane kr 1,1 mill. lågare enn opphaveleg planlagt. Dette ga ein forbruksprosent på 88 % på vatn og 71 % på avløp/kloakk.
Vatn og Avløpstenestar | Rekneskap 2019 | Reg. budsjett 2019 | Avvik | Opprinneleg budsjett 2019 | Rekneskap 2018 |
---|---|---|---|---|---|
Gebyrinntekter | -9 903 | -10 200 | -297 | -10 200 | |
Driftskostnader | 5 795 | 8 657 | 2 862 | 8 657 | |
Netto sum | -4 108 | -1 543 | 2 565 | -1 543 | 0 |
Avskrivingar (*) | 2 918 | 5 027 | 2 109 | 5 027 | 4 386 |
Kalkulatoriske rentar (*) | 1 785 | -1 785 | |||
Resultat før fondsføringar | 595 | 3 484 | 2 889 | 3 484 | 4 386 |
Bruk av sjølvkostfond | -2 340 | -3 484 | -1 144 | -3 484 | |
Resultat etter fondsføringar | 40 | 0 | -40 | 0 | 4 386 |
* | |||||
*Førast på andre ansvar enn 620 |
7.2 Vurdering og oppsummering av driftsåret for Plan og forvaltning
Avdeling Plan og forvaltning har totalt 7,5 årsverk. Nærmare 2 av desse årsverka har vore vakante gjennom heile 2019, grunna permisjonar. Plan- og forvaltningssjef har hatt det overordna ansvaret for fagområda underlagt avdelinga og har vore del av rådmannen si leiargruppe.
Avdelinga har i 2019 hatt hovudfokus på lovpålagde forvaltningsoppgåver og gjennomføring av politiske vedtak. I tillegg er ressursar nytta inn i arbeidet med overordna planarbeid. Lovpålagde forvaltningsoppgåver er i hovudsak gjennomført innanfor gjeldande tidsfristar.
Digitalisering av eigedomsarkiv har vore eit felles ekstra tiltaksprosjekt siste to år. Kr 1 mill. vart i budsjett 2018 og 2019 tilført til digitalisering av arkiv for Plan og forvaltning (byggesak, deling, landbruk etc.). Føremålet med prosjektet var effektivisering knytt til offentlege ressursar og å gje betre tenester til innbyggarar og næringsliv. Digitalisering av eigedomsarkiv var i tillegg ein felles føresetnad i alle 3 kommunane i nye Stavanger før samanslåinga i 2020. Prosjektet starta opp hausten 2018 og vart ferdigstilt innan utgangen av 2019. Geomatikk IKT AS har stått for gjennomføring av prosjektet. Omfanget av arbeidet var vanskeleg å anslå, og sluttrekneskapen visar at kostnadane ligg noko over vedtatt prosjektramme. Prosjektet vart likevel gjennomført i sin heilheit, m.a. fordi eit delvis digitalisert arkiv ville gitt større utfordringar i forhold til overgangen til nye Stavanger. Overforbruket er dekka innanfor tildelt budsjettramme for Plan og forvaltning.
7.2.1 Planarbeid
Samfunnsdelen av kommuneplanen vart vedtatt i kommunestyret i desember 2018. Vidare arbeid med arealdelen fekk ein stram framdriftsplan med mål om at arealdelen skulle eigengodkjennast i Finnøy kommune før kommunesamanslåinga 01.01.2020. Arealdelen av kommuneplanen vart endeleg vedtatt i kommunestyret i oktober 2019, i tråd med planlagt framdrift.
Arbeidet med arealdelen har vore omfattande og ressurskrevjande, og til tider svært utfordrande. Frå oktober 2018 vart det inngått ein samarbeidsavtale med Stavanger kommune, som då fekk hovudansvaret for gjennomføringa av arbeidet med revisjon av arealdelen av kommuneplanen. Finnøy kommune har i tillegg nytta eigne ressursar inn i dette arbeidet, for å sikre erfaringsutveksling og lokal forankring samt ansvar for gjennomføring av naudsynte politiske møter etc.
Arbeidet med private reguleringsplanar har sidan våren 2018 vore gjennomført med bistand frå Stavanger kommune. Dette gjeld både regulering av nye områder, endring av tidlegare godkjente planar, samt anna arbeid knytt til dette fagområdet. Slike saker er ofte omfattande og involverer fleire partar. Arbeidet er likevel gjennomført innanfor gjeldande tidsfristar. Samarbeidet med Stavanger kommune har fungert svært godt.
Finnøy kommune har nytta bistand frå Asplan Viak AS, for å få gjennomført ein reguleringsendring for Judaberg sentrum. Planforslag ligg føre og vil krevje ein nærmare gjennomgang før eit ev. planforslag kan leggast fram for politisk handsaming. Dette er eit arbeid som ikkje har vore mogleg å prioritere i 2019.
7.2.2 Byggesak og deling
Avdelinga har nytta eigne ressursar til behandling av bygge- og delingssøknadar, samt matrikkelføring. For utføring av sjølve oppmålingsforretningane har kommunen hatt rammeavtale med Matricula AS, gjeldande fram til 31.12.19. Grunna konkurs vart dette arbeidet overtatt av Terratec AS frå oktober 2019.
KOSTRA viser at talet på byggesøknadar og klagesaker er uendra i forhold til 2018. Talet på dispensasjonssøknadar har gått noko ned, mens det er ein auke i talet på delesaker.
Hovudinntektene til plan og forvaltning er knytt til gebyrinntekter for byggesak og deling. Rekneskapen visar gebyrinntekter over budsjett. Vakant stilling har ført til utfordringar på avdelinga når det gjeld handsaming av søknadar knytt til byggesak. Dette har vore løyst ved omfordeling av oppgåver og nedprioritering av andre oppgåver/saker. Stavanger kommune har ikkje hatt ledige ressursar til å hjelpa Finnøy fram mot kommunesamanslåinga.
7.2.3 Landbruk
Landbruk - volumstatistikk | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 |
---|---|---|---|---|
Mjølkekyr | 1 432 | 1 412 | 1 359 | 1 404 |
Ammekyr | 323 | 319 | 385 | 479 |
Anna storfe | 3 073 | 3 121 | 3 108 | 3 268 |
Sauer over 1. år | 7 824 | 7 842 | 9 126 | 9 041 |
Verpehøns | 209 221 | 208 926 | 212 545 | 222 260 |
Tomat levert (tonn) | 4 304 | 3 980 | 3 121 | 3 486 |
Mjølkekvote (liter) | 10 431 236 | 10 408 283 | 10 057 059 | 10 551 579 |
Kylling levert | 1 792 600 | 1 839 211 | 1 722 551 | |
Tomat-produsentar | 29 | 26 | 24 | 25 |
Jordbruksareal i drift (dekar) | 36 803 | 36 668 | 37 638 | 37 697 |
Tabell 7.3 visar ei oversikt over utviklinga i landbruket dei siste fire åra. Tala for mjølkekyr og mjølkekvote gjekk opp i 2019 etter ein betydeleg satsing på bygging av nye lausdriftsfjøs i 2018 og 2019 med støtte frå Innovasjon Norge. Tal for ammekyr har auka jamt over heile perioden, mens sauetal var nokså stabilt frå 2018 til 2019. Tal verpehøns har auka frå 2018 til 2019. Kylling levert i 2019 er ikkje publisert enno. Jordbruksareal i drift har auka litt i 2019.
Statistikktala for tomatproduksjonen visar neppe realitetane grunna endringar i rapporteringsordninga. Tal tomatgartneri har vert fallande i mange år, men har vore stabilt i 2019. Finnøy er fortsett den største tomatkommunen i landet. Det pågår aktivt arbeid med alternative produksjonar i gamle drivhus.
Omdisponering av dyrka jord hadde ein topp i Finnøy i 2016 grunna fleire vedtekne reguleringsplanar. I 2017 og 2018 var dette tilbake på eit meir normalt nivå, med 9 og 8 dekar. I 2019 var omdisponering av dyrka jord heilt nede på 0,8 dekar. Det var relativ få søknadar om deling etter jordlova og konsesjon i 2019 samanlikna føregåande år.
7.2.4 Næring
Kommuneplanen for 2019-2029 seier at
Finnøy kommune skal satse på verdiskaping med grunnlag i lokale ressursar, vidareutvikling av primærnæringane og annan næringsaktivitet, samt etablering av ny verksemd i heile kommunen.
Arbeidet med næringsutvikling har vore direkte underlagt rådmannen. Kommunen har nytta eigne ressursar inn i dette arbeidet, i tillegg til kjøp av tenester frå Ryfylke Næringshage. Årsrapport frå Næringshagen for 2019 ligg føre.
Politisk og administrativ leiing har gjennom 2019 hatt kontaktmøter med ressursgruppa Finnøy (tidlegare Finnøy næringsforening). Frå og med hausten 2019 deltok også Ryfylke Næringshage på kontaktmøta. Kommunen har samarbeida med ressursgruppa om frukostmøter for næringslivet. Frukostmøta har vore godt besøkte.