Årsrapport 2019 – Finnøy kommune

Årsrapport 2019 Finnøy kommune

6.2 Vurdering og oppsummering av driftsåret for Helse og omsorg

Tenesteområdet nytta omlag 100 årsverk for å yte fagleg bistand og tenester til personar som bur eller oppheld seg i kommunen. I tillegg kjem to lærlingar i helsefagarbeidet.

Barnevern, den kommunale delen av NAV og frivilligsentralen har rapportert til kommunalsjef for helse. Dei andre tenestene innan helse og omsorg er delt inn i tre einingar, med kvar sin einingsleiar:

  • Helse: Flyktningtenesta, legetenester, skulehelsetenesta og helsestasjon, jordmor, fysioterapi og ergoterapi, psykiatritenesta, friskliv-sentral og folkehelsekoordinator.
  • Faatunet: Miljøteneste og avlastning til utviklingshemma, Arak- arbeidstrening.
  • Pleie og omsorg: Heimehjelp, heimesjukepleie, heildøgnbemanna omsorgsbustader, langtidsplass og korttidsplass-institusjon, kjøkken og vaskeri, reinhald, augeblikkeleg hjelp døgntilbod, demensteam, kvardagsrehabilitering, omsorgsløn og brukarstyrt personleg assistent.

6.2.1 Førebyggjande tenester

Målet er å rigge tenestene slik at innbyggjarane skal kunne ta ansvar for eige liv så lenge som mogleg. For å få til dette, må ressursbruken rettast mot tiltak som er helsefremjande og førebyggjande gjennom tverrfagleg samarbeid.

I samband med opptrappingsplanen for habilitering og rehabilitering har kommunen fått tilskot til to prosjekt:

  • Kvardagsmestring og kvardagsrehabilitering – «Leve heile livet i Finnøy»
  • Styrking av koordinerande eining for brukarar med behov for samanhengande og samtidige tenester.

Finnøy kommune har god vaksinasjonsgrad når det gjeld barn og unge. Legekontoret tilrår influensavaksine til eldre og andre risikogrupper. WHO tilrår 75 % dekning av influensavaksinasjon hjå tilsette og bebuarar på sjukeheim. Dekninga i Finnøy ligg noko under dette nivået, men over landsgjennomsnittet.

Kommunen skal føre tilsyn med forhold som direkte eller indirekte påverkar helsa. Denne myndigheita er delegert til kommuneoverlegen. Avdeling for miljøretta helsevern og skjenkekontroll ved Rogaland brann og redning IKS utfører det praktiske arbeidet med tilsyn.

Helsestasjon og skolehelsetenesta har prioritert styrking av foreldrerolla, psykisk helse, vennskapsrelasjonar, sjølvbilete og grensesetting. Helsestasjon og skulehelseteneste har arbeida målretta mot å styrke foreldrerolla. Finnøy kommune har òg i 2019 fått prosjektmiddel til ungdomskoordinator som har faste dagar på sentralskulen. Arenaen for tverrfagleg samarbeid om tidleg innsats retta mot rus og psykisk helse blei dermed vidareført.

Kommunen sin frisklivssentral har tilbod for å fremje livskvalitet både psykisk og fysisk, gjennom både personleg samtale og  grupper innan kosthald og fysisk aktivitet. Mellom 15 og 40 personar møter kvar veke opp til gruppetrening i Teigen som kombinerer turglede med styrke- og balansetrening. I tillegg gir sentralen tilbod om individuell oppfølging for livsstilendring med endra kosthaldsvanar og auka fysisk aktivitet. Frisklivssentralen har gjennomført kurs i meistring av depresjon for personar med lettare depresjon.

For at innbyggjarar i Finnøy skal kunne bu heime lengst mogleg, får alle på 80 år tilbod om førebyggjande heimebesøk om ernæring, aktivitet, fall- og brannførebygging. I 2019 blei det for andre gong arrangert gruppesamling om førebyggjande heimebesøk for dei på 75 år. Brannvesenet, fastlege, frisklivs-koordinator, folkehelsekoordinator, ergoterapeut og fysioterapeut deltok på møtet. Ergoterapeut bidreg med tilrettelegging som utbetring av bustad, heimebesøk, utlevering av hjelpemiddel eller hjelp med transportmiddel. Fysioterapeutane har arrangert gruppetrening med balanse- og styrketrening.

6.2.2 Behandlande tenester

Med tilskot frå Fylkesmannen til opptrappingsplanen for habilitering og rehabilitering, har kommunen eit ekstra årsverk fysioterapeut. Ventelista er kortare med tre fysioterapeutar. I slutten av 2018 flytta fysio- og ergoterapiavdelinga til nye lokal, grunna fuktskade i den gamle legebustaden. Dei nye lokala i andre etasje på Rygjabø er ikkje tilgjengelege for personar som ikkje kan gå i trapper. Derfor er lokala i kjellaren på pleie og omsorgssenteret er rusta opp med nytt utstyr, eit ekstra behandlingsrom og gjort tilgjengelege slik at alle pasientgrupper får eit tilbod.

Psykisk helse i Finnøy er eit lågterskeltilbod der ein ikkje treng tilvising for behandling/samtaleterapi, men kan ta kontakt direkte sjølv. Det er også etablert eit samarbeid med spesialisthelseteneste via Ryfylke DPS. Ein har fleire samarbeidsmøte i året og utførar felleskonsultasjonar saman med brukar, fastlege, psykisk helse og psykiater frå DPS.

Det er tre fastlegeheimlar og ein LIS-1 ved Finnøy legekontor. Fastlegane er privatpraktiserande med plikt til å utføre offentlege oppgåver. Fastlegane leiger legekontor, utstyr og medarbeidarar frå Finnøy kommune. Det er tilsett sjukepleiarar i 2,2 stillingar og konsulent i 0,3 stilling. Finnøy legekontor er fastlegekontor for ca. 2900 personar og legevakt for Finnøy kommune på dagtid. I  tillegg har det funksjon som laboratorium for m.a. pleie og omsorgssenteret, vaksinasjonskontor i kommunen, oppmøte for LAR, og av og til legevaktkontor på kveld/natt. Det har vore om lag like mange konsultasjonar i 2019 som året før. Det er registrert noko fleire kontaktar for rusrelaterte problemstillingar enn dei føregåande årene. Det er stadig færre INR-kontrollar på grunn av utvikling av nye medikament. Elles er det ikkje større endringar i kontaktårsakar.

NAV Finnøy er eit felles kommunalt og statleg kontor med seks tilsette, der tre er kommunalt tilsett. To av stillingane vert finansiert via prosjektmiddel. Eit overordna mål er å gi tilbod om arbeid og aktivitet til dei som står utanfor arbeidsmarkanden. Kommunale tenester organisert i NAV – Finnøy er mellom anna økonomisk sosialhjelp, rustenester, statleg bustønad og støttekontaktar.

6.2.3 Heildøgns omsorgstenester

Faatunet hadde i 2019 ti bebuarar; ni leiger bustad av kommunen og ein bur midlertidig i avlastningsbustad i påvente av å kunne leige eigen bustad. Det betyr at Faatunet ikkje har nokon ledig avlastningsplass å tilby om dette skulle være naudsynt. Utfordringar med å rekruttera folk med relevant kompetanse, særleg til helgestillingar, har medført overtid og ekstrahjelp for å gje nødvendige tenester.

Finnøy pleie- og omsorgssenter har 24 institusjonsplassar og 16 omsorgsbustader med heildøgns omsorg.