Årsrapport 2019 – Finnøy kommune

Årsrapport 2019 Finnøy kommune

6 Helse og omsorg

Tenesteområdet Helse og omsorg yt ei rekkje tenester innan m.a. helse, pleie og omsorg, koordinering av frivillige og tenester for utviklingshemma til både barn og vaksne i Finnøy kommune.

Kommuneplanen for 2019-2029 seier at

Finnøy skal legga eit breitt folkehelseperspektiv, trivsel og bulyst til grunn for all kommunal planlegging og tenesteyting – i alle fagsektorar, for alle aldersfasar og på alle område i lokalsamfunnet.

6.1 Økonomi

Ansvar Rekneskap 2019Budsjett 2019Forbruk i %Avvik (kr)Rekneskap 2018
300TENESTELEIAR HELSE/OMSORG1 761 4171 897 60492,80 %136 1871 854 260
301NAV2 695 1653 164 22085,20 %469 0553 080 605
302BARNEVERN8 549 1007 250 000117,90 %-1 299 1008 549 500
304HEIMETENESTEN18 387 26917 435 850105,50 %-951 41916 283 024
305PLEIE/OMSORG29 310 25328 932 913101,30 %-377 34027 341 767
310HELSETENESTE15 869 52817 558 94490,40 %1 689 41619 104 431
315SERVICE OG VEDLIKEHALD2 967 2422 657 891111,60 %-309 3513 198 164
320FAA-TUNET SERVICESENTER14 375 37412 716 156113,00 %-1 659 21812 898 901
 SUM HELSE OG OMSORG93 915 34991 613 578102,50 %-2 301 77192 310 652
Tabell 6.1 Økonomioversikt - tenesteområde Helse og omsorg. Beløp i heile kr.
Last ned tabelldata (Excel)

Helse og omsorg har eit meirforbruk på om lag kr 2,3 mill. i høve budsjett. Det er Faatunet og Barnevern som saman har det største meirforbruket. Barnevern varsla eit større mindreforbruk. Budsjettet vart regulert ned to gonger i 2019 på grunnlag av prognosar og varsla om mindreforbruk frå Randaberg kommune, som driv vertskommunesamarbeidet. Resultatet ved årsslutt er likevel eit forbruk meir i tråd med opphaveleg budsjett.

På Faatunet er det nytta ein del overtid og ekstrahjelp for å kunne gje nødvendige tenester. Noko av dette kan koma til uttrykk i auka statleg tilskot til ressurskrevjande tenester.

Helsetenester sitt rekneskap syner eit mindreforbruk. Mindreforbruket kan forklarast med eit par vakante stillingar og noko mindreforbruk på Flyktningtenesta.

6.2 Vurdering og oppsummering av driftsåret for Helse og omsorg

Tenesteområdet nytta omlag 100 årsverk for å yte fagleg bistand og tenester til personar som bur eller oppheld seg i kommunen. I tillegg kjem to lærlingar i helsefagarbeidet.

Barnevern, den kommunale delen av NAV og frivilligsentralen har rapportert til kommunalsjef for helse. Dei andre tenestene innan helse og omsorg er delt inn i tre einingar, med kvar sin einingsleiar:

  • Helse: Flyktningtenesta, legetenester, skulehelsetenesta og helsestasjon, jordmor, fysioterapi og ergoterapi, psykiatritenesta, friskliv-sentral og folkehelsekoordinator.
  • Faatunet: Miljøteneste og avlastning til utviklingshemma, Arak- arbeidstrening.
  • Pleie og omsorg: Heimehjelp, heimesjukepleie, heildøgnbemanna omsorgsbustader, langtidsplass og korttidsplass-institusjon, kjøkken og vaskeri, reinhald, augeblikkeleg hjelp døgntilbod, demensteam, kvardagsrehabilitering, omsorgsløn og brukarstyrt personleg assistent.

6.2.1 Førebyggjande tenester

Målet er å rigge tenestene slik at innbyggjarane skal kunne ta ansvar for eige liv så lenge som mogleg. For å få til dette, må ressursbruken rettast mot tiltak som er helsefremjande og førebyggjande gjennom tverrfagleg samarbeid.

I samband med opptrappingsplanen for habilitering og rehabilitering har kommunen fått tilskot til to prosjekt:

  • Kvardagsmestring og kvardagsrehabilitering – «Leve heile livet i Finnøy»
  • Styrking av koordinerande eining for brukarar med behov for samanhengande og samtidige tenester.

Finnøy kommune har god vaksinasjonsgrad når det gjeld barn og unge. Legekontoret tilrår influensavaksine til eldre og andre risikogrupper. WHO tilrår 75 % dekning av influensavaksinasjon hjå tilsette og bebuarar på sjukeheim. Dekninga i Finnøy ligg noko under dette nivået, men over landsgjennomsnittet.

Kommunen skal føre tilsyn med forhold som direkte eller indirekte påverkar helsa. Denne myndigheita er delegert til kommuneoverlegen. Avdeling for miljøretta helsevern og skjenkekontroll ved Rogaland brann og redning IKS utfører det praktiske arbeidet med tilsyn.

Helsestasjon og skolehelsetenesta har prioritert styrking av foreldrerolla, psykisk helse, vennskapsrelasjonar, sjølvbilete og grensesetting. Helsestasjon og skulehelseteneste har arbeida målretta mot å styrke foreldrerolla. Finnøy kommune har òg i 2019 fått prosjektmiddel til ungdomskoordinator som har faste dagar på sentralskulen. Arenaen for tverrfagleg samarbeid om tidleg innsats retta mot rus og psykisk helse blei dermed vidareført.

Kommunen sin frisklivssentral har tilbod for å fremje livskvalitet både psykisk og fysisk, gjennom både personleg samtale og  grupper innan kosthald og fysisk aktivitet. Mellom 15 og 40 personar møter kvar veke opp til gruppetrening i Teigen som kombinerer turglede med styrke- og balansetrening. I tillegg gir sentralen tilbod om individuell oppfølging for livsstilendring med endra kosthaldsvanar og auka fysisk aktivitet. Frisklivssentralen har gjennomført kurs i meistring av depresjon for personar med lettare depresjon.

For at innbyggjarar i Finnøy skal kunne bu heime lengst mogleg, får alle på 80 år tilbod om førebyggjande heimebesøk om ernæring, aktivitet, fall- og brannførebygging. I 2019 blei det for andre gong arrangert gruppesamling om førebyggjande heimebesøk for dei på 75 år. Brannvesenet, fastlege, frisklivs-koordinator, folkehelsekoordinator, ergoterapeut og fysioterapeut deltok på møtet. Ergoterapeut bidreg med tilrettelegging som utbetring av bustad, heimebesøk, utlevering av hjelpemiddel eller hjelp med transportmiddel. Fysioterapeutane har arrangert gruppetrening med balanse- og styrketrening.

6.2.2 Behandlande tenester

Med tilskot frå Fylkesmannen til opptrappingsplanen for habilitering og rehabilitering, har kommunen eit ekstra årsverk fysioterapeut. Ventelista er kortare med tre fysioterapeutar. I slutten av 2018 flytta fysio- og ergoterapiavdelinga til nye lokal, grunna fuktskade i den gamle legebustaden. Dei nye lokala i andre etasje på Rygjabø er ikkje tilgjengelege for personar som ikkje kan gå i trapper. Derfor er lokala i kjellaren på pleie og omsorgssenteret er rusta opp med nytt utstyr, eit ekstra behandlingsrom og gjort tilgjengelege slik at alle pasientgrupper får eit tilbod.

Psykisk helse i Finnøy er eit lågterskeltilbod der ein ikkje treng tilvising for behandling/samtaleterapi, men kan ta kontakt direkte sjølv. Det er også etablert eit samarbeid med spesialisthelseteneste via Ryfylke DPS. Ein har fleire samarbeidsmøte i året og utførar felleskonsultasjonar saman med brukar, fastlege, psykisk helse og psykiater frå DPS.

Det er tre fastlegeheimlar og ein LIS-1 ved Finnøy legekontor. Fastlegane er privatpraktiserande med plikt til å utføre offentlege oppgåver. Fastlegane leiger legekontor, utstyr og medarbeidarar frå Finnøy kommune. Det er tilsett sjukepleiarar i 2,2 stillingar og konsulent i 0,3 stilling. Finnøy legekontor er fastlegekontor for ca. 2900 personar og legevakt for Finnøy kommune på dagtid. I  tillegg har det funksjon som laboratorium for m.a. pleie og omsorgssenteret, vaksinasjonskontor i kommunen, oppmøte for LAR, og av og til legevaktkontor på kveld/natt. Det har vore om lag like mange konsultasjonar i 2019 som året før. Det er registrert noko fleire kontaktar for rusrelaterte problemstillingar enn dei føregåande årene. Det er stadig færre INR-kontrollar på grunn av utvikling av nye medikament. Elles er det ikkje større endringar i kontaktårsakar.

NAV Finnøy er eit felles kommunalt og statleg kontor med seks tilsette, der tre er kommunalt tilsett. To av stillingane vert finansiert via prosjektmiddel. Eit overordna mål er å gi tilbod om arbeid og aktivitet til dei som står utanfor arbeidsmarkanden. Kommunale tenester organisert i NAV – Finnøy er mellom anna økonomisk sosialhjelp, rustenester, statleg bustønad og støttekontaktar.

6.2.3 Heildøgns omsorgstenester

Faatunet hadde i 2019 ti bebuarar; ni leiger bustad av kommunen og ein bur midlertidig i avlastningsbustad i påvente av å kunne leige eigen bustad. Det betyr at Faatunet ikkje har nokon ledig avlastningsplass å tilby om dette skulle være naudsynt. Utfordringar med å rekruttera folk med relevant kompetanse, særleg til helgestillingar, har medført overtid og ekstrahjelp for å gje nødvendige tenester.

Finnøy pleie- og omsorgssenter har 24 institusjonsplassar og 16 omsorgsbustader med heildøgns omsorg.

6.3 Utfordringar framover

For fleire av einingane har det vore utfordringar i å rekruttera personar med naudsynt fagkompetanse. Særleg gjeld dette sjukepleiarar og vernepleiarar. Ein ser at fleire søkjer seg til stillingar på dagtid for å unngå turnus.

Finnøy kommune har flest tilsette som jobbar deltid innan helse- og omsorgstenesta. Sjølv om deltid er redusert, er dette ei utfordring som ein framleis ikkje har klart å løyse. Faktum er at dei fleste med fagutdanning, og som jobbar deltid, ønskjer å fortsetje med det. Sjukefråvær hjå deltidstilsette er generelt høgare. Fleire i heiltid aukar generelt kvaliteten på tenestene. Nesten alle som jobbar innan pleie og omsorg i Finnøy er kvinner.

Lokale avlastningsplassar er eit behov framover. Likeså ein utbygging av pleie og omsorgssenteret, som gjev grunnlag for gode bygg og arbeidsforhold.