Årsrapport 2019 – Finnøy kommune

Årsrapport 2019 Finnøy kommune

5.2 Vurdering og oppsummering av driftsåret for Oppvekst

Kultur og bibliotek, styrkingstiltak barnehage ligg direkte under kommunalsjefen. Dei andre tenestene er delt inn i einingar, som er styrt av einingsleiar:

  • Barnehage
  • Skule
  • Vaksenopplæring
  • Musikk- og kulturskulen

5.2.1 Barnehage

Dei kommunale barnehagane har frå 2018 til 2019 vidareført felles leiing for å tilpassa seg organisasjonsstrukturen i nye Stavanger kommune. Dette gjeld Hagatoppen barnehage (fire avdelingar på Haga og ein på Hesby) og Talgje barnehage (to avdelingar).

Finnøy kommune yter driftstilskot til Utsyn barnehage, som er privat barnehage.

2019 har vore prega av implementering av den nye rammeplanen og fokus på god kvalitet i det daglege arbeidet med barna. Spesialpedagogisk hjelp til barn har skjedd i samarbeid med Ressurssenteret for styrka barnehage i Stavanger.

Barnehagane i Finnøy innfrir bemanningsnorma for 2019. Sjølv om ein i fleire år har utdanna barnehagelærar, manglar det framleis pedagogar for å innfri full dekking i stillingar med krav om pedagogisk kompetanse. Dette førte til at ein også dette året har hatt pedagogiske leiarar på dispensasjon frå utdanningskravet.

I heile 2019 er det arbeidd med å utvikle samarbeid mellom dei tre kommunane som frå 2020 vart til ein kommune. Dette gjeld både på system- og programnivå, samt kurs og kompetanseheving for tilsette. Styrarar har heile året deltatt i barnehagesjefen i Stavanger sine kontaktmøter.

5.2.2 Undervisning

I Finnøy har ei desentralisert organisering av skuledrifta. Undervisning skjer på Finnøy sentralskule (1.-10 skule med eiga SFO-avdeling) og på oppvekstsentera på Fogn, Ombo og Sjernarøy (1.-7. skule og avdelinga for barnehage).

Tidleg innsats er eit av dei kommunale satsingsområda. Statlege midlar vart nytta til auka pedagogtettleik på dei lågaste trinna.

Utrulling av Chromebook blei vidareført i 2019 til om lag 40 nye elevar på mellomtrinnet. Tiltaket er ein del av  “digitaliseringa” i skulen og er sentralt i utviklinga av grunnleggjande ferdigheiter i tråd med Kunnskapsløftet.

Skulane og barnehagane jobbar kontinuerleg med psykososialt miljø og nulltoleranse mot mobbing. Musikalar for 7. klasse (KOM-prosjekt) og for 10.klasse er vidareført. Dette er prosjekt som i tillegg til fagleg utvikling også er med på å skape gode psykososiale miljø mellom elevane. Leirskule for 8. klasse er eit anna eksempel på tiltak som gir samhald og byggjer gode relasjonar mellom elevane.

Rektorane har i 2019 delteke på rektorsamlingar i regi av Stavanger kommune som eit ledd i samkøyringa av kommunane som frå 2020 blir samla i nye Stavanger.

Avtale om kjøp av grunnskuleopplæring til vaksne ved Johannes Læringssenter vart vidareført frå 2018 til 2019. Det er også deltakarar på vidaregåande opplæring andre stadar i fylket. I tillegg til desse tilboda er det gitt norskopplæring på kveldstid til innbyggjarar med annan bakgrunn enn norsk.

5.2.3 Musikk og kulturskule

Musikk- og kulturskulen har i 2019 hatt 136 elevar, noko som er ein oppgang  frå 2018.  I tillegg til den daglege undervisninga, har musikk- og kulturskulen i 2019 gjennomført konsertar og utstillingar, samt KOM-(kreativt oppvekstmiljø) prosjektet.

5.2.4 Kultur og bibliotek

Det er mange som bidreg til at Finnøy har eit variert kulturliv. Mykje av aktiviteten er tufta på private initiativ. Kulturmiddelordninga er ei kjent ordning for lag og organisasjonar der dei får tildelt midlar etter aktivitet i laget.

Biblioteket er ein samlingstad for barn, ungdom og vaksne. I 2019 har det vore stor pågang på utlån av bøker, samt rundt 80 ulike arrangement og fleire kunstutstillingar. Biblioteket blir nytta flittig av både barnehagane, skulane og andre som oppheld seg i området.

5.2.5 Ungdomsrådet

Ungdomsrådet hadde i 2019 tre møter og handsama 13 saker. I tillegg til ungdomsrådet i Finnøy kommune, var Finnøy representert i Ungdommens fylkesting og bystyre, samt ungdommens fellesnemnd.