Årsrapport 2019 – Finnøy kommune

Årsrapport 2019 Finnøy kommune

5 Oppvekst

Tenesteområdet Oppvekst omfattar tenestetilbod i barnehagar, skular og SFO, kommunal musikk- og kulturskule, kultur, bibliotek og deler av vaksenopplæringa.

Kommuneplanen for 2019-2029 seier at :

Finnøy skal vere ein god “oppvekstkommune” og prioritere forhold som er viktige for å fremje barn og unge si personlege utvikling, læring og livsutfalding.

5.1 Økonomi

Ansvar Rekneskap 2019Budsjett 2019Forbruk i %Avvik (kr)Rekneskap 2018
200TENESTELEIAR OPPVEKST5 653 7466 089 73792,80 %435 9914 443 911
210PEDAGOGISK KONSULENT9 101 2309 477 05896,00 %375 8289 499 262
211FINNØY SENTRALSKULE42 226 77643 077 13298,00 %850 35640 291 728
212FOGN OPPVEKSTSENTER7 500 6357 759 94996,70 %259 3147 653 054
213HALSNØY OPPVEKSTSENTER3180  0
214OMBO OPPVEKSTSENTER4 150 9993 790 196109,50 %-360 8033 585 367
215SJERNARØY OPPVEKSTSENTER8 835 5408 144 319108,50 %-691 2218 173 061
216TALGJE BARNEHAGE3 581 5513 724 88196,20 %143 3303 550 205
217HAGATOPPEN BARNEHAGE11 852 41311 293 017105,00 %-559 39610 685 496
220MUSIKKSKULE1 813 3541 737 448104,40 %-75 9061 748 211
500KULTURKONSULENT294 904331 73088,90 %36 826317 614
510BIBLIOTEKSJEF1 188 2781 065 133111,60 %-123 1451 153 039
 SUM OPPVEKST96 199 74496 490 60099,70 %291 17391 100 948
Tabell 5.1 Økonomioversikt - tenesteområde Oppvekst. Beløp i heile kr.
Last ned tabelldata (Excel)

Rekneskapen for heile tenesteområdet syner eit mindreforbruk på omlag kr 291 000 i høve vedteke budsjett for 2019.

Ansvar 200 og 210– tenesteleiar oppvekst/styrka barnehagetilbod –  ansvarsområda har samla sett eit mindreforbruk på kr 0,8 mill. Det er mindre inntekter enn budsjettert i høve tilskot frå andre kommunar. Det er også nytta mindre til løn innafor spesialundervisning enn budsjettert.  Midlar som var budsjettert til kompetanseheving vart dekka av Fylkesmannen, dette medførte ei mindreforbruk på om lag kr 0,2 mill. Kr 0,4 mill. av kommunalsjef for oppvekst si løn er ført på ansvar 610. Dette for å gi eit reelt bilete av ressursbruk.

Ansvar 211 – Finnøy sentralskule – fekk eit mindreforbruk på kr 0,85 mill.  Noko av dette er knytt til auka refusjon på fosterbarn. Det var også planlagt å rusta opp skulekjøkken for om lag kr 0,35 mill., men dette tiltaket lot seg ikkje gjennomføra.

Ansvar 212, 214 og 215 – Oppvekstsentera – Sjernarøy oppvekstsenter og Ombo oppvekstsenter hadde eit meirforbruk, medan Fogn oppvekstsenter hadde eit mindreforbruk. Meirforbruket på Sjernarøy er knytt til høge straumutgifter. Eksisterande varmeanlegg er gammalt og dyrt i drift. I tillegg har skulen hatt meirutgifter knytt til behov for særskilt tilrettelegging. Hausten 2019 har skulen gjennomført innsparingstiltak på vikarbruk. Grunna  sjukemeldingar var innsparinga mindre enn planlagt. Ombo oppvekstsenter har eit meirforbruk på kr 0,36 mill.,  dette skuldast at overføringane frå Hjelmeland kommune er lågare enn budsjettert grunna tvist om betaling.

Ansvar 216 og 217 – Hagatoppen og Talgje barnehage – Samla sett har einingane eit overforbruk. Felles leiing mellom 216 og 217 har ført til ei skeiv fordeling av lønsutgiftene til leiing, dette gav meirforbruk på løn på ansvar 217 og eit mindreforbruk på 216. Pensjonskostnadar og manglande refusjonar hadde også innverknad på meirforbruket.

Ansvar 220 Musikk og kulturskulen – har eit resultat omlag i tråd med budsjett.  Elevvekst har gitt større inntekter enn budsjettert. Utstyrsparken blei noko oppgradert i 2019.

Ansvar 500 og 510 Kulturkonsulent og bibliotek kjem samla ut med eit lite overforbruk i underkant av kr 0,1 mill. Hovudgrunnen til dette var at det måtte investerast i ny inngangsautomat.

5.2 Vurdering og oppsummering av driftsåret for Oppvekst

Kultur og bibliotek, styrkingstiltak barnehage ligg direkte under kommunalsjefen. Dei andre tenestene er delt inn i einingar, som er styrt av einingsleiar:

  • Barnehage
  • Skule
  • Vaksenopplæring
  • Musikk- og kulturskulen

5.2.1 Barnehage

Dei kommunale barnehagane har frå 2018 til 2019 vidareført felles leiing for å tilpassa seg organisasjonsstrukturen i nye Stavanger kommune. Dette gjeld Hagatoppen barnehage (fire avdelingar på Haga og ein på Hesby) og Talgje barnehage (to avdelingar).

Finnøy kommune yter driftstilskot til Utsyn barnehage, som er privat barnehage.

2019 har vore prega av implementering av den nye rammeplanen og fokus på god kvalitet i det daglege arbeidet med barna. Spesialpedagogisk hjelp til barn har skjedd i samarbeid med Ressurssenteret for styrka barnehage i Stavanger.

Barnehagane i Finnøy innfrir bemanningsnorma for 2019. Sjølv om ein i fleire år har utdanna barnehagelærar, manglar det framleis pedagogar for å innfri full dekking i stillingar med krav om pedagogisk kompetanse. Dette førte til at ein også dette året har hatt pedagogiske leiarar på dispensasjon frå utdanningskravet.

I heile 2019 er det arbeidd med å utvikle samarbeid mellom dei tre kommunane som frå 2020 vart til ein kommune. Dette gjeld både på system- og programnivå, samt kurs og kompetanseheving for tilsette. Styrarar har heile året deltatt i barnehagesjefen i Stavanger sine kontaktmøter.

5.2.2 Undervisning

I Finnøy har ei desentralisert organisering av skuledrifta. Undervisning skjer på Finnøy sentralskule (1.-10 skule med eiga SFO-avdeling) og på oppvekstsentera på Fogn, Ombo og Sjernarøy (1.-7. skule og avdelinga for barnehage).

Tidleg innsats er eit av dei kommunale satsingsområda. Statlege midlar vart nytta til auka pedagogtettleik på dei lågaste trinna.

Utrulling av Chromebook blei vidareført i 2019 til om lag 40 nye elevar på mellomtrinnet. Tiltaket er ein del av  “digitaliseringa” i skulen og er sentralt i utviklinga av grunnleggjande ferdigheiter i tråd med Kunnskapsløftet.

Skulane og barnehagane jobbar kontinuerleg med psykososialt miljø og nulltoleranse mot mobbing. Musikalar for 7. klasse (KOM-prosjekt) og for 10.klasse er vidareført. Dette er prosjekt som i tillegg til fagleg utvikling også er med på å skape gode psykososiale miljø mellom elevane. Leirskule for 8. klasse er eit anna eksempel på tiltak som gir samhald og byggjer gode relasjonar mellom elevane.

Rektorane har i 2019 delteke på rektorsamlingar i regi av Stavanger kommune som eit ledd i samkøyringa av kommunane som frå 2020 blir samla i nye Stavanger.

Avtale om kjøp av grunnskuleopplæring til vaksne ved Johannes Læringssenter vart vidareført frå 2018 til 2019. Det er også deltakarar på vidaregåande opplæring andre stadar i fylket. I tillegg til desse tilboda er det gitt norskopplæring på kveldstid til innbyggjarar med annan bakgrunn enn norsk.

5.2.3 Musikk og kulturskule

Musikk- og kulturskulen har i 2019 hatt 136 elevar, noko som er ein oppgang  frå 2018.  I tillegg til den daglege undervisninga, har musikk- og kulturskulen i 2019 gjennomført konsertar og utstillingar, samt KOM-(kreativt oppvekstmiljø) prosjektet.

5.2.4 Kultur og bibliotek

Det er mange som bidreg til at Finnøy har eit variert kulturliv. Mykje av aktiviteten er tufta på private initiativ. Kulturmiddelordninga er ei kjent ordning for lag og organisasjonar der dei får tildelt midlar etter aktivitet i laget.

Biblioteket er ein samlingstad for barn, ungdom og vaksne. I 2019 har det vore stor pågang på utlån av bøker, samt rundt 80 ulike arrangement og fleire kunstutstillingar. Biblioteket blir nytta flittig av både barnehagane, skulane og andre som oppheld seg i området.

5.2.5 Ungdomsrådet

Ungdomsrådet hadde i 2019 tre møter og handsama 13 saker. I tillegg til ungdomsrådet i Finnøy kommune, var Finnøy representert i Ungdommens fylkesting og bystyre, samt ungdommens fellesnemnd.

5.3 Utfordringar framover

Tilgang på rett kompetanse er ei rekrutteringsutfordring for enkelte avdelingar, særleg på dei mindre einingane. Mangel på pedagogisk kompetanse i barnehagane medfører dispensasjonar.

Fleire av einingane i Finnøy kommune vil skilja seg ut i høve til langt større avdelingar i nye Stavanger. For å drifta dei mindre einingane på ein god og forsvarleg måte, bler det viktig med ei god lokal tilpassing  når det gjeld organisering og ressurstildeling.