Årsrapport 2019 – Finnøy kommune

Årsrapport 2019 Finnøy kommune

4.1 Økonomi

Ansvar Rekneskap 2019Budsjett 2019Forbruk i %Avvik (kr)Rekneskap 2018
100RÅDMANNEN12 165 81212 513 56397,20 %347 75112 044 813
110POLITISK UTVALG4 025 7073 844 519104,70 %-181 1883 886 548
140YMSE15 923 42113 400 930118,80 %-2 522 49119 817 942
 SUM FELLESTENESTER32 114 93929 759 012107,90 %-2 355 92735 749 303
Tabell 4.1 Økonomioversikt - tenesteområde Fellestenester. Beløp i heile kr.
Last ned tabelldata (Excel)

Ansvar 100 – Rådmannen – har eit samla mindre forbruk på kr 0,35 mill. i 2019. I all hovudsak er alle fellestenester utført innanfor streng budsjettstyring samstundes som budsjettramma er sett samla. Ressursar til økonomistyring er kjøpt frå Stavanger kommune medan budsjettmidlar til løn står ubrukte. Det har vore ein del ekstra arbeid med overgang til nytt lønssystem (som i nye Stavanger) samt ekstra konsulenttenester til nødvendig arbeid rundt saks- og arkivsystemet for å forbereda overgangen til felles system i ny kommune. Noko er finansiert med fondsmidlar.

Ansvar 110 – Politisk utval – har om lag 5 % meirforbruk i 2019. I forkant av kommunevalet til ny kommune var det høg politisk aktivitet og fleire saker som måtte behandlast for å landa viktige prinsipp inn mot ein ny kommune.

Ansvar 140 – Ymse – har eit meirforbruk på kr 2,5 mill. Hovudårsaka er kr 3,7 mill. til breibandutbygging utført i 2019 sett opp mot kr 0,5 mill. i budsjettmidlar. Rogaland Fylkeskommune har seinhaustes gitt tilslutning til prosjekt breiband Fogn og Ombo som startar opp i 2020.

Tilskot på til saman kr 0,7 mill. er utbetalt for bygdebøker i tråd med budsjett. Tilskot til brannvogngarasje er ikkje utbetalt. Samstundes er det utbetalt tilskot og forskot på spelemiddel til Leikvoll idrettshus i tråd med politisk vedtak, utan at tilskotet frå 2018 på kr 0,5 mill. er justert inn i budsjettet for 2019. Tilskot frå Rogaland Fylkeskommune er delvis mottatt og rest er ført som inntekt mot framtidig fordring.