Årsrekneskapen inneheld hovudtal, hovudoversikter og noteopplysningar. I dokumentet finn ein òg fondsoversikt, detaljert driftsrekneskap, kapitalrekneskap og balanserekneskap.
Årsrekneskapen skal gje ei samla oversikt over den økonomiske situasjonen for Finnøy kommune for året 2019. For meir informasjon om økonomi og drift i dei ulike tenesteområda syner ein til årsrapport 2019 for Finnøy kommune del 1-2 og 4-9.
3.1.1 Driftsrekneskapen
Brutto driftsresultat syner at driftsutgiftene blei kr 11,15 mill. høgare enn driftsinntektene. Tek ein omsyn til avskrivingar gjev det ein netto inntekt på kr 2,3 mill. medan regulert budsjett forventa kr 6,8 mill. i netto kostnader.
Rente- og gebyrinntektene blei om lag kr 1,0 mill. høgare enn budsjettert og samla bidrog finansområdet med kr 1,3 mill. i netto lågare kostnader enn forutsett.
Netto driftsresultat blei negativt med kr – 6,5 mill. Dette er likevel kr 10,4 mill. betre enn regulert budsjett. Dermed utgjer netto driftsresultat -2,1 % av driftsinntektene medan budsjettet opphaveleg la opp til -6,1 %. I 2018 oppnådde Finnøy eit positivt netto driftsresultat på kr 33,8 mill. (9,7%).
I løpet av 2019 er kr 23,3 mill. brukt frå ulike fond og mindreforbruket frå 2018, samt kr 7,0 mill. er avsett til fond. Nettoeffekten er kr 16,2 mill. og finansierar drifta i 2019. Av dette gjeld kr 2,1 mill. finansiering av sjølvkostområda i 2019. Renovasjonen har eit framførbart underskot på om lag kr 0,1 mill. som vert ført vidare inn i ny kommune. Sjå kapittel 3.1.4 for nærmare informasjon.
Rekneskapsmessig mindreforbruk i 2019 er på kr 9,69 mill. Tilsvarande i 2018 var kr 5,55 mill.
Hovudoversikt drift | Rekneskap 2019 | Justert budsjett 2019 | Avvik | Rekneskap 2018 |
---|---|---|---|---|
Sum driftsinntekter | -306 815 | -284 095 | -22 719 | -346 606 |
Sum driftsutgifter | 317 962 | 290 909 | 27 053 | 315 653 |
Brutto driftsresultat | 11 147 | 6 814 | 4 333 | -30 953 |
Resultat eksterne finanstransaksjonar | 8 788 | 10 081 | -1 292 | 10 223 |
Motpost avskrivninger | -13 448 | 0 | -13 448 | -13 028 |
Netto driftsresultat | 6 488 | 16 895 | -10 407 | -33 759 |
Netto avsetningar, fond | -16 181 | -16 895 | 714 | 28 213 |
Overført til investeringsrekneskapen | 0 | 0 | - | 0 |
Årsresultat, rekneskapsmessig mindreforbruk | -9 693 | 0 | -5 546 |
Driftsinntekter og -utgifter
Driftsinntektene syner ein auke i høve til budsjett på om lag kr 22,7 mill. Dei største meirinntektene her kjem frå statlege refusjonar, særleg refusjon frå Nav knytt til foreldre- og sjukepengar på kr 7,4 mill. Denne er, i tråd med tidlegare år, ikkje budsjettert og ligg omtrent på same nivå som i 2018. Inntekta har ofte ein motpost i auka utgifter til vikarløn. Det same gjeld spelemidlar utbetalt frå fylkeskommunen og kor midlane er vidare utbetalte, om lag kr 3,4 mill. Statleg utbetaling frå havbruksfondet blei òg kr 3,6 mill. meir enn forventa i 2019. Momskompensasjon drift vart kr 1,9 mill. meir enn budsjettert. Frie inntekter (skatt og rammetilskot) bidrog berre med kr 0,9 mill. i meirinntekter i 2019, jf. Nærmare omtale i kapittel 1.3.2 og i FSK sak 13/20 i (nye) Stavanger kommune.
Driftsutgifter syner ein auke ekskl. avskrivingar på vel kr 13,6 mill. i høve til budsjett. Av dette auka løn inkl. sosiale utgifter på vel kr 3,6 mill., som må sjåast saman med refusjon av foreldre- og sjukepengar, samt auka kostnader til løn for lærarar. Samla ligg lønskostnadane berre 0,2 % over kostnadane året før.
Kjøp av varer og tenester som inngår i tenesteproduksjonen har auka med om lag kr 3,5 mill. samanlikna med regulert budsjett. Samstundes ligg nivået kr 5,8 mill. lågare enn 2018.
Varer og tenester som erstattar tenesteproduksjonen auka med kr 1,5 mill. og overføringar auka med om lag kr 5,0 mill. meir enn budsjettert. Sistnemnde gjeld i all hovudsak forskot på tilskot til spelemiddelprosjekt som kommunen ikkje sjølv eig, jf. KST 036/18 med kr 3,1 mill. til Leikvoll idrettshus og tilskot på kr 0,5 mill. frå 2018. I tillegg utgjer bokført tap på krav kr 0,65 mill.
3.1.2 Investeringar
Totale inntekter på investering blei kr 6,5 mill. i 2019. Av dette utgjorde sal av driftsmidlar og fast eigedom kr 2,8 mill. og momskompensasjon på alle investeringar kr 2,9 mill.
Totale utgifter til investeringar i 2019 er kr 27,8 mill. og tilnærma fordobla frå kr 13,3 mill. i 2018. Dette er i hovudsak finansiert ved bruk av lån med kr 23,4 mill. I tillegg er ubundne investeringsfond nytta med kr 1,0 mill., samt investeringsinntekter.
Startlån er utbetalt med kr 2,25 mill. i 2019. Samstundes er ordinære og ekstraordinære avdrag innbetalt frå lånetakarar. Etter at kommunens egne avdragsforpliktingar overfor Husbanken i 2019 er gjort opp, er rest sett av til bunde investeringsfond for ekstra avdragsinnbetaling til Husbanken i 2020. Nye startlån i Husbanken er ikkje tatt opp i 2019.
INVESTERING | Rekneskap 2019 | Justert budsjett 2019 | Avvik 2019 | Rekneskap 2018 |
---|---|---|---|---|
Sum investeringsinntekter | -6 458 | -2 284 | -4 174 | -3 497 |
Sum investeringsutgifter | 27 791 | 25 454 | 2 337 | 13 255 |
Sum Finansieringstransaksjonar | 7 826 | 5 000 | 2 826 | 12 539 |
Finansieringsbehov | 29 160 | 28 170 | 990 | 22 297 |
Dekka slik | ||||
Bruk av lån | 23 385 | 27 130 | -3 745 | 10 616 |
Sal av aksjer og andeler | 103 | |||
Mottatte avdrag på utlån | 3 851 | 3 851 | 3 857 | |
Bruk av ubundne investeringsfond | 1 040 | 1 040 | 5 733 | |
Bruk av bundne investeringsfond | 884 | 884 | 1 988 | |
Sum finansiering | 29 160 | 28 170 | 990 | 22 297 |
Udekka/udisponert |
3.1.3 Balansen
Arbeidskapital (endring omløpsmidlar minus endring kortsiktig gjeld) vart for 2019 kr 7,1 mill. lågare enn året før. Betalingsmiddel er redusert med kr 27 mill. og meir enn auken i kortsiktige fordringar, premieavvik og gjeld i same periode.
Anleggsmidlar har auka med kr 25,8 mill. Dette gjeld netto tilføring av kr 13,7 mill. av investeringar og kr 13,1 mill. i auka pensjonsmidlar. Utlån har gått ned med kr 1,6 mill.
BALANSE | Rekneskap 2019 | Andel 2019 | Rekneskap 2018 | Andel 2018 | Endring 2019-2018 |
---|---|---|---|---|---|
Sum anleggsmidler | 805 355 | 0,86 % | 779 520 | 0,83 % | 25 835 |
Sum omløpsmidler | 136 268 | 0,14 % | 155 660 | 0,17 % | -19 392 |
SUM EIGEDELAR | 941 623 | 1,00 % | 935 179 | 1,00 % | 6 443 |
Sum eigenkapital | 210 540 | 0,22 % | 212 072 | 0,23 % | -1 532 |
Sum langsiktig gjeld | 692 789 | 0,73 % | 672 532 | 0,72 % | 20 257 |
Sum kortsiktig gjeld | 40 443 | 0,04 % | 52 725 | 0,06 % | -12 282 |
SUM EIGENKAPITAL OG GJELD | 943 772 | 1,00 % | 937 329 | 1,00 % | 6 443 |
Endring arbeidskapitalen | -7 110 | 31 512 | -38 622 |
Langsiktig gjeld auka med kr 20,2 mill. i 2019, kor auken i pensjonsforpliktingar utgjer kr 11,2 mill. og netto auke i langsiktige lån utgjer kr 9 mill. Sjå nærmare omtale i kapittel 2 og kapittel 9.
Total fondsreserve per 31.12.2019 var på kr 75,7 mill. mot kr 85,7 mill. ved utgangen av 2018. Avsetjing til fond skriv seg frå rekneskapsmessig mindreforbruk i 2018 på kr 5,5 mill. og oppbygging av eit pensjonsfond. Bruk av fond gjeld i hovudsak opphaveleg budsjettert netto bruk med kr 12,56 mill. frå disposisjonsfond, i tillegg til å dekke underskot grunna sjølvkost VA-sektoren (bundne driftsfond). Detaljert oversikt over alle fond føreligg i kapittel 3.10.
Det er i tråd med budsjett blitt rydda i gamle disposisjonsfond, slik at det no står kr 4,55 mill. på eit pensjonsfond og samla kr 48,99 mill. på udisponert disposisjonsfond ved utgangen av 2019. Totalt kr 53,56 mill. sett opp mot kr 59,44 mill. ved utgangen av 2018. Årets endringar kjem fram i tabell 3.4.
Disposisjonsfond - alle | 2019 |
---|---|
Årets endringar | |
Inngåande balanse 01.01. | 59 440 |
Opprinneleg budsjett - netto bruk | -12 559 |
Tilført overskuddet frå året før | 5 546 |
Netto bruk / avsetjing i 1. og 2. tertial | 905 |
Avsetjing særskilte saker | 0 |
Netto avsetjing grunna omgjøring fond | 225 |
Sum utgåande balanse 31.12. | 53 557 |
3.1.4 Nærmare om sjølvkosttenestane
I tråd med retningslinjer for berekning av sjølvkost i kommunale betalingstenester er vatn, avløp og renovasjon inndelt i eigne område med separate sjølvkostrekneskap .
I kommunestyresak 26/19 Harmonisering av sjølvkostrekneskapen ved kommunesamanslåing blei det fatta følgande vedtak:
- Finnøy kommune styrer sine respektive sjølvkostrekneskap mot kr 0 i 2019.
- Eventuelt overskot per 31.12.2019 vil bli tilbakebetalt så fremt beløp fordelt per abonnement overstig kr 500.
- Eventuelle akkumulerte underskot på sjølvkosttenestene blir gjort opp ved årsoppgjeret 2019 og blir ikkje vidareført inn i nye Stavanger. Dette gjeld ikkje renovasjon og slam.
Vatn og avløp sitt rekneskap har vore ført i Finnøy kommune over fleire år med det resultat at sjølvkostfonda vart bygde opp. Kommunen har ikkje opparbeida sjølvkostfond innan renovasjonstenestar i eige rekneskap då Ryfylke Miljøverk IKS (RYMI) tidlegare har hatt ansvaret for renovasjonen i Finnøy kommune. Med bakgrunn i vedtatt kommunesamanslåing blei samarbeidsavtalar signert som 3-partsavtaler mellom Renovasjonen IKS, Stavanger kommune og Finnøy kommune.
Utgifter tilhøyrande renovasjonstenesta i Finnøy blei i 2019 ført i Stavanger kommune sin rekneskap og vidarefakturert på bakgrunn av kundeinntektene i Finnøy. Resultatet for renovasjonstenesta i Stavanger kommune viser i 2019 eit framførbart underskot på kr 4,86 mill., der kr 0,67 mill. av underskotet tilhøyrar Finnøy kommune. I tillegg kjem kr 0,1 mill. i underskot på det som er ført i Finnøy kommune sin eigen rekneskap for 2019. Samla vil dette vere midlar som må dekkast av framtidige oppgjer og gebyr. Avklaring om det eventuelt er noko midlar som skal tilbakeførast Finnøy som følge av avviklinga av RYMI er ikkje klarlagd ved avslutning av rekneskapane for Stavanger og Finnøy kommunar.
Ryfylke miljøverk
RYMI oppretta i 2019 eit avviklingsstyre med bakgrunn i den planlagde avviklinga av drifta 31.12.2019. All drift og alle driftsmiddel er overført IVAR IKS, som RYMI har hatt samarbeidsavtale med sidan 2010. Det står att å leggja fram og godkjenna årsrekneskap, samt sluttoppgjer mellom RYMI og eigarkommunane (Strand, Hjelmeland, Suldal, Finnøy (Stavanger) og Forsand (Sandnes)). Etter dette må selskapet formelt oppløysast.
Til budsjettåret 2019 blei dei kommunale gebyra satt med ein harmonisert struktur – eit viktig skritt på vegen til eit felles gebyrregime i ny kommune. Sjølvkostfonda vart planlagde brukt til å finansiera driftstenestane i 2019 innan vatn og avløp. Rekneskapen viser at sjølvkostfonda måtte finansiera drifta for vatn med kr 1,59 mill. og avløpsdrifta med kr 0,68 mill. Det vart ikkje noko overskot å betala tilbake.
For feiing vart det sett av kr 0,14 mill. til sjølvkostfond i 2019.
Gebyrfinansierte tenester innan reguleringsplanar, byggesak, kart og oppmåling erfarte høgare kostnadar enn inntekter i 2019. Sjå fleire detaljer i note 4.