1.3.1 Innbyggjarvekst
Folketalet per 01.07.2018 ligg i all hovudsak til grunn for staten sine rammeoverføringar til kommunane i 2019. Folketalet var då 3 206 i Finnøy og vart innarbeidd i rådmannen sitt budsjettunderlag for 2019. Folketalet falt til 3150 per 31.12.2018 og auka til 3 156 innbyggjarar per 31.12.2019. Dette ga ein årsvekst på 0,2 % i Finnøy. Fødselsoverskotet blei noko høgare enn netto utflytting. Innbyggjarveksten i landet blei på 0,7 % i 2019.
1.3.2 Statlege rammetildelingar m.m.
Statlege styringssignal og regjeringa sitt forslag til statsbudsjett 2019 låg til grunn for rådmannen sitt budsjettforslag og kommunestyret sitt vedtak for budsjett 2019 for Finnøy kommune. Inntektssystemet for kommunane blei i liten grad justert til 2019. Revidert nasjonalbudsjett 2019 blei innarbeida i budsjettjusteringane i 1. og i 2. tertial 2019.
Den tidlegare veksten i befolkninga snudde og førte til at veksttilskotet til Finnøy kommune falt bort frå 2018 til 2019. Kommunen kom igjen under grensa på 3 200 innbyggjarar (målt per 01.01.2018), noko som kvalifiserte til småkommunetilskot på kr 2,85 mill. i 2019. Skjønstilskotet er redusert dei siste fire åra til kr 5,8 mill. i 2019. Finnøy fekk ein kompensasjon på kr 1,5 mill. gjennom overgangsordninga for kommunar som frivillig slår seg saman (siste år).
Veksten i inntekter for kommunesektoren i landet i 2019 kom i stor grad innan skattevekst. I motsetnad til gjennomsnittskommunen erfarte Finnøy negativ skattevekst i 2018, noko som slo uheldig ut i siste fase av budsjettarbeidet for 2019. Inntektsutjamning blir berre føreteke med 60 % for å jamne ut forskjellar i skatteinntekter mellom skattesvake og skattesterke kommunar.
Lågare vekstføresetnader blei i stor grad innarbeida i budsjettet for 2019, i hovudsak med ein kortsiktig finansiering av eit langsiktig lågare inntektsnivå.
Nyare nasjonale anslag på auka skattenivå for kommunane i 2019 blei i minimal grad innarbeidd i skattetala for Finnøy i løpet av året. Ved årets slutt blei skatteinngangen i Finnøy kr 90,71 mill. og tilnærma som budsjettert med ein vekst på 0,5 % samanlikna med 2018. Kommunane i landet fekk ein vekst på 4,7 % i 2019. Skatt per innbyggjar i Finnøy falt frå 92 % til 90,2 % samanlikna med resten av landet. Dette ga ei auka inntektsutjamning på kr 0,9 mill. utover budsjettert for Finnøy.
Der låg ingen omstillingstiltak inne i budsjett for 2019. Årsaka til dette er at det var behov for kapasitet i 2019 til å byggje den nye kommunen. Rådmannen åtvara likevel gjennom året mot å sleppe merksemda på framleis knappe rammer i tida framover. Konsekvensane for endringar i inntektssystemet med verknad frå 2017 og tendensar til negativ folketalsutvikling er ei utfordring som merkast i endra rammeføresetnader for Finnøy.
Stortinget vedtok i 2016 at det skulle opprettast eit statleg havbruksfond. Første utbetaling frå havbruksfondet var i 2017, der Finnøy kommune fekk om lag kr 0,9 mill. Finnøy har ein betydeleg del havbruk, og dette gav ei stor avkasting i 2018 på vel kr 45,8 mill. I 2019 blei kommunen tildelt kr 7,8 mill. Havbruksfondet har gjort det mogleg å realisere store investeringar som til dømes utbygging av Pleie- og omsorgssenteret. Rådmannen er likevel tydeleg på at utsiktene til årlege store inntekter er usikre.