Innleiing
Årsrapporten er ei tilbakemelding frå administrasjonen til innbyggjarane og dei folkevalde om bruk av ressursar i budsjettet for 2019. Årsrapporten er også den siste for Finnøy kommune. Med verknad frå 1.1. 2020 gjekk Finnøy , Rennesøy og Stavanger saman inn i nye Stavanger kommune.
Kommunane vedtar to ulike budsjett; driftsbudsjett og investeringsbudsjett. Overskot på driftsbudsjett over tid blir brukt til å byggje opp fond som finansierer investeringar i kommunen.
Netto driftsresultat seier noko om størrelsen på overskot i eit budsjett. Kommunesektoren sin organisasjon (KS) tilrår at netto driftsresultat i ein sunn kommuneøkonomi bør vera 2,0 % eller høgare.
Resultatet for 2019 viser eit rekneskapsmessig mindreforbruk kr 9,69 mill. Samstundes er netto driftsresultat negativt på -2,1 %. Dette skuldast at bruk av fond var føresett å finansiere drifta i vedtatt budsjett for 2019.
Eit negativt netto driftsresultat er eit faresignal for ein kommuneøkonomi og er ikkje berekraftig over tid. Samtidig er resultatet på -2,1 % for 2019 ei endring i positiv retning sett opp mot driftsresultat i vedtatt budsjett som var – 6,1 %. At resultatet ved utgangen av året har gått i positiv retning skuldast mellom anna fleire vakante stillingar i organisasjonen og større inntekter frå havbruksfondet enn budsjettert.
Hovudutfordringar i perioden
Dei største utfordringane for Finnøy kommune er ein langsiktig berekraftig økonomi og låg vekst i folketal. Netto folkevekst i Finnøy ved utgangen av året var 0,19 %. Pr 31.12.2019 var det 3 156 innbyggjarar i Finnøy kommune. Veksten er lågare enn målet i kommuneplanen, og prognoser tyder på fortsatt låg vekst dei neste åra. Den reviderte kommuneplanen set særskilte mål for å bidra til positiv befolkningsutvikling i Finnøy.
Å sikre dagleg drift samtidig som ein har bygd ny kommune har utfordra kapasitet og prioritering av oppgåver. Gode tenester til innbyggjarane, eit nært og ope samarbeid med dei folkevalde og god involvering av medarbeidarar har vore ei prioritert oppgåve gjennom året. Utgangspunktet har vore visjonen «Saman for folk i Finnøy», og fellesskapet sitt beste har vore rettesnor i arbeidet.
Takk til tilsette
Det er god grunn til rose alt det gode arbeidet som er gjort av folkevalde og medarbeidarar i Finnøy kommune gjennom generasjonar. Dette inkluderer dei tillitsvalde, for deira innsats i å utfordre praksis og bidra til å skape arbeidsglede i organisasjonen. Ei stor TAKK til alle som har bidratt til at vi i samla flokk har levert gode tenester til innbyggjarane på dei lyse og levande øyane.
Finnøy 1. mars 2020
Karin Dokken Austvik
Rådmann i Finnøy kommune fram til 31.12.2019