Årsrapport 2019 – Finnøy kommune

Årsrapport 2019 Finnøy kommune

1 Årsberetning

1.1 Kommentarar frå rådmann i Finnøy kommune fram til 31.12.2019

Innleiing

Årsrapporten er ei tilbakemelding frå administrasjonen til innbyggjarane og dei folkevalde om bruk av ressursar i budsjettet for 2019.  Årsrapporten er også den siste for Finnøy kommune. Med verknad frå 1.1. 2020 gjekk Finnøy , Rennesøy og Stavanger saman inn i nye Stavanger kommune.

Kommunane vedtar to ulike budsjett; driftsbudsjett og investeringsbudsjett. Overskot på driftsbudsjett over tid blir brukt til å byggje opp fond som finansierer investeringar i kommunen.

Netto driftsresultat seier noko om størrelsen på overskot i eit budsjett. Kommunesektoren sin organisasjon (KS)  tilrår at netto driftsresultat i ein sunn kommuneøkonomi bør vera 2,0 % eller høgare.

Resultatet for  2019 viser eit  rekneskapsmessig mindreforbruk  kr 9,69 mill. Samstundes er netto driftsresultat negativt på -2,1 %. Dette skuldast at bruk av fond var føresett å finansiere drifta i vedtatt budsjett for 2019.

Eit negativt netto driftsresultat er eit faresignal for ein kommuneøkonomi og er ikkje berekraftig over tid. Samtidig er resultatet på -2,1 %  for 2019 ei endring i positiv retning sett opp mot driftsresultat i vedtatt budsjett som var – 6,1  %.  At resultatet ved utgangen av året har gått i positiv retning skuldast mellom anna fleire vakante stillingar i organisasjonen og større inntekter frå havbruksfondet enn budsjettert.

Hovudutfordringar i perioden

Dei største utfordringane for Finnøy kommune er ein langsiktig berekraftig økonomi og låg vekst i folketal. Netto folkevekst i Finnøy ved utgangen av året var 0,19 %. Pr 31.12.2019 var det 3 156 innbyggjarar i Finnøy kommune. Veksten er lågare enn målet i kommuneplanen, og prognoser tyder på fortsatt låg vekst dei neste åra. Den reviderte kommuneplanen set særskilte mål for å bidra til positiv befolkningsutvikling i Finnøy.

Å sikre dagleg drift samtidig som ein har bygd ny kommune har utfordra kapasitet og prioritering av oppgåver.  Gode tenester til innbyggjarane, eit nært og ope samarbeid med dei folkevalde og god involvering av medarbeidarar har vore ei prioritert oppgåve gjennom året. Utgangspunktet har vore visjonen  «Saman for folk i Finnøy», og fellesskapet sitt beste har vore rettesnor i arbeidet.

Takk til tilsette

Det er god grunn til rose alt det gode arbeidet som er gjort av folkevalde og medarbeidarar i Finnøy kommune gjennom generasjonar. Dette inkluderer dei tillitsvalde, for deira innsats i å utfordre praksis og bidra til å skape arbeidsglede i organisasjonen. Ei stor TAKK til alle som har bidratt til at vi i samla flokk har levert gode tenester til innbyggjarane på dei lyse og levande øyane.

Finnøy   1. mars  2020

Karin Dokken Austvik

Rådmann i Finnøy kommune fram til 31.12.2019

1.2 Finnøy kommune som arbeidsgjevar

Verksemda Finnøy kommune hadde 222,5 årsverk fordelt på 297 tilsette ved utgangen av 2019. Dette er ein reduksjon frå året før og skuldast ei gradvis harmonisering og overføring av teneste-utføringa til ein ny felles kommune 01.01.2020. Når medarbeidarar til dømes slutta, blei leveransane i større grad utførde midlertidig av andre tilsette i enten Finnøy eller ved kjøp frå Stavanger kommune.  Dette letta overgangen til ny kommune.

TenesteavdelingAntal tilsette pr. 31.12.18Årsverk pr. 31.12.18Antal tilsette pr. 31.12.19Årsverk pr. 31.12.19
Rådmann (100-140)44,001212
Oppvekst (200-220) +(500-510)144113,2171134,7
Helse og omsorg 300-32012988,9151101,2
Plan og forvaltning (600-620)2016,4109,40
Sum297222,48344257,55
Tabell 1.1 Årsverk
Last ned tabelldata (Excel)

1.2.1 Halde på og rekruttera gode medarbeidarar

Gjennom vedtekne budsjett, delegasjon til rådmannen, arbeidsgivarpolitiske reglement, årlege innspel til KS sitt debatthefte og andre personalpolitiske vedtak legg kommunestyret og administrasjonsutvalet rammene for at einingane i Finnøy kommune kan gi gode tenester og utvikle arbeidsplassar med arbeidsglede og kompetanse.

I førebuinga mot nye Stavanger kommune, arbeidde administrasjonane og prosjekttillitsvalte i dei tre kommunane med tiltak for å harmonisera løn og ulike  personalpolitiske retningslinjer. Arbeidet var viktig for at medarbeidarar i den nye kommunen samla får gode føresetnader for å halde på, rekruttera og utvikla gode medarbeidarar.

1.2.2 Sjukefråvær

Sjukefråværet i 2018 gav eit samla resultat på 4,0 %. 2019 starta med eit høgare fråvær i første kvartal på 8,6 %, men hadde ein positiv utvikling gjennom året. Andre kvartal hadde samla fråvær på 6,5 %, og tredje kvartal på 4,6 %. Samla var sjukefråværet for 2019 i Finnøy kommune på 5,9 %

Tenesteavdeling2018   2019   
 Moglege
Fråvær
Fråvær over
16 dagar
Totalt
fråvær (%)
Moglege
Fråvær
Fråvær over
16 dagar
Totalt
fråvær (%)
Rådmann (100-140)930,0620,602,2 %2 832,2023,160,32,9 %
K.sjef Opp./Bh/vaksen (200 +210)625,93000,0 %626,71,800,3 %
Finnøy sentralskule (211)14 600,72172,18250,72,9 %14 113,70158,6199,22,5 %
Fogn oppvekstsenter (212)2 886,4062,41236,2410,3 %2 153,5032,2353,1 %
Ombo oppvekstsenter (214)2 921,5674,5538,693,9 %1 470,508,96,41,0 %
Sjernarøy oppvekstsenter (215)3 580,1370,0351,723,4 %1 930,6037,2102,4 %
Hagatoppen barnehage (217)5 336,61184,8519,4213,2 %3 923,60121,7128,46,4 %
Talgje barnehage (216)1 584,1144,26139,611,6 %780,804251,311,9 %
Finnøy musikk- og kulturskule (220)654,991,719,821,8 %4614,100,9 %
Bibliotek (510)261000,0 %250,3000,0 %
Oppvekst (200-220)32 451,44609,941 246,195,7 %25 710,70406,5430,303,3 %
K.sjef Helse + NAV (300-301)9695239,68,8 %7830238,8 %
Heimetenesta (304)4 752,31130,21133,959,2 %3 707,1045,6295,89,2 %
Pleie/omsorg (305)4 743,45170102,674,0 %6 904,40155,51194,0 %
Helseteneste (310)2 498,4058,250,12,7 %2 565,7049,518,62,7 %
Service og vedlikehald (315)1 774,007,81100,9 %1 513,801300,9 %
Faatunet (320)4 711,24139,22358,476,4 %4 344,70111,9165,66,4 %
Helse og omsorg (300-320)19 448,40557,43794,787,0 %19 818,70375,56225,0 %
Plan for forvaltning (600)4 232,30128,8245,894,1 %1 600,8041304,4 %
Drift og utbygging (610)915,81,43,60,5 %6891,5182,8 %
Sum57 978,001 318,182 090,465,9 %50 651,40847,601 160,604,0 %
Tabell 1.2 Sjukefråvær
Last ned tabelldata (Excel)

1.2.3 Leiing

God leiing bidreg til å kunne rekruttere, halde på og utvikle gode medarbeidarar.

Følgjande tiltak gav rammene for god leiing i 2019:

  • Møter i rådmannen si leiargruppe kvar veke
  • Møter i leiargruppene i tenesteområda om lag månadleg
  • Tre samlingar med einingsleiarar i utvida leiargruppe

Tema:

  • IA-dag
  • Leiarsamling med tema budsjett- og økonomiplanprosess, hovudtillitsvalde deltok
  • Opplæring i Power BI
  • Leiarsamling på dei ulike områda for leiarar i nye Stavanger kommune

I 2019 hadde ein særleg fokus på nærvær, arbeidsmiljø og helsefremmande arbeidsplassar.

1.2.4 Løn og lønspolitikk

Hovudtariffavtalen (HTA)  mellom KS og partane gjeld også for Finnøy kommune. Gjeldande HTA fungerer for perioden 01.05.2018 – 30.04.2020. I tillegg til HTA har Finnøy kommune også vektlagt sin eigen lønspolitiske plan i arbeidet med løn.

Hausten 2019 blei det gjennomført lokale forhandlingar for tilsette i kapittel 3 og 5. Desse blei gjennomført innanfor ei ramme på 3,2 %. Tilsette med stillingskode i kap. 4 fekk sentralt avtala lønnstillegg der tilsette med 3- og 4-årig høgskule, samt fagarbeidarar med 16 års ansiennitet, fekk eit særleg lønstiltak per 01.07.2019.

I samband med etableringa av nye Stavanger blei det gjennomført lønnsharmonisering i regi av den nye kommunen i november.

1.2.5 Seniorpolitikk og pensjon

Finnøy kommune hadde i 2019 senioravtale med 18 tilsette i aldersgruppa 63-67 år. Avtalen gir rom for ulike typar tiltak som t.d. fleire fridagar, innkjøp av hjelpemiddel, vikarordning og bonus etter fullført avtaleperiode. Målet er å få fleire seniorar til å stå lengre i arbeidslivet, og med det nytte deira kompetanse vidare.

Det er i 2019 og inngått arbeidsavtalar på pensjonistvilkår. Arbeid på pensjonistvilkår vil seie at pensjonisten kan, under somme vilkår, arbeide fritt utan avkorting på pensjon. Pensjonistløn er frå 01.05.2019 kr 207,- pr. time uavhengig av arbeid eller utdanning.

1.2.6 Likestilling

Det var 297 tilsette i Finnøy kommune per 31.12.2019. Av desse var 242 kvinner og 55 menn. Leiargruppa til rådmannen bestod per 31.12.2019 av fem personar; tre kvinner og to menn. Av einingsleiarane var det ved utgangen av året sju kvinner og fire menn.

I samband med rekruttering viser kommunen i utlysingsteksten til at arbeidsstokken skal spegla mangfaldet i befolkninga, og at vi difor oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje på stillingar hjå oss.

1.2.7 Nye Stavanger

Bygginga av nye Stavanger kommune var ei hovudutfordring med omsyn til administrativ kapasitet i Finnøy kommune i 2019. Prosjektorganisasjonen for nye Stavanger og Stavanger kommune stod for hovuddelen av arbeidet, men Finnøy kommune bidrog på ei rekkje område for å sikre «Finnøy-perspektivet» i bygginga av den nye kommunen. Tilsette i Finnøy kommune bidrog i dei fleste av meir enn 25 omfattande prosjekt.

1.2.8 Økonomi

Kommentaren frå rådmannen gir eit samla oversyn og kommenterer rekneskapen sett i høve til drifta i 2019 og gjeldande budsjett. Gjennom året har rådmannen lagt fram økonomirapport for 1. og 2. tertial der rådmannen har gitt prognose for tenesteområda sitt forbruk ved årsslutt. Budsjettregulering er vedteke i juni i sak KST-27/19  og i oktober i sak KST-35/19.

Driftsrekneskapen for 2019 syner eit netto driftsresultat på kr – 6,5 mill., tilsvarande -2,1  % av samla driftsinntekter. Finnøy kommune har eit rekneskapsmessig mindreforbruk på kr 9,7 mill. mot eit regulert budsjett balansert i null.

Frie inntekter (skatt og rammetilskot) i 2019 er på kr 206,1 mill., som er kr 0,9 mill. kroner over regulert budsjett. I regulert budsjett la ein til grunn ein lokal skattevekst på 0,5 %. Samla skatteinngang til Finnøy kommune i 2019 blei kr 90,71 mill. Nivået er kr 0,4 mill. (0,5 %) betre samanlikna med 2018 og like i underkant av regulert budsjett 2019.

Den samla skatteinngangen til kommunane i landet blei på 4,7 % mot en anslått vekst på 3,8 %.

Auken i nasjonal inngang medfører høgare skatteutjamning til fordel for Finnøy kommune og dermed høgare frie inntekter enn budsjettert.

Avrekninga av premieavvik mot KLP og SPK og amortisering av tidlegare års premieavvik ga i rekneskapen for 2019 ein inntektsverknad på om lag kr 4,37 mill. Dette utgjer 1,4 % av brutto driftsinntekter i 2019.

Finnøy kommune fekk i 2019 tildelt kr 7,8 mill. frå havbruksfondet. Dette er høgare enn budsjettert. Forholdet blei ikkje budsjettregulert i samband med 2. tertial då inntektene per tida ikkje var kjende.

I løpet av 2019 er det sett av kr 6,7 mill. til disposisjonsfond. Mindreforbruk frå 2018 utgjorde om lag kr 5,5 mill. av desse. Det er tappa kr 12,6  mill. frå disposisjonsfondet til ulike føremål i tråd med

1.2.9 Drift pr. avdeling/tenesteområde

Rekneskapen syner at Finnøy kommune har nytta om lag kr 230,9 mill. til drift i 2019. Dette er om lag kr 0,8 mill. (0,3 %) meir enn det som vart lagt til grunn i budsjett. Prognosen i økonomirapporten pr. 2. tertial viste ei drift i tråd med budsjett.

1.3 Rammevilkår

1.3.1 Innbyggjarvekst

Folketalet per 01.07.2018 ligg i all hovudsak til grunn for staten sine rammeoverføringar til kommunane i 2019.  Folketalet var då 3 206 i Finnøy og vart innarbeidd i rådmannen sitt budsjettunderlag for 2019. Folketalet falt til 3150 per 31.12.2018 og auka til 3 156 innbyggjarar per 31.12.2019. Dette ga ein årsvekst på 0,2 % i Finnøy. Fødselsoverskotet blei noko høgare enn netto utflytting. Innbyggjarveksten i landet blei på 0,7 % i 2019.

1.3.2 Statlege rammetildelingar m.m.

Statlege styringssignal og regjeringa sitt forslag til statsbudsjett 2019 låg til grunn for rådmannen sitt budsjettforslag og kommunestyret sitt vedtak for budsjett 2019 for Finnøy kommune. Inntektssystemet for kommunane blei i liten grad justert til 2019. Revidert nasjonalbudsjett 2019 blei innarbeida i budsjettjusteringane i 1. og i 2. tertial 2019.

Den tidlegare veksten i befolkninga snudde og førte til at veksttilskotet til Finnøy kommune falt bort frå 2018 til 2019. Kommunen kom igjen under grensa på 3 200 innbyggjarar (målt per 01.01.2018), noko som kvalifiserte til småkommunetilskot på kr 2,85 mill. i 2019. Skjønstilskotet er redusert dei siste fire åra til kr 5,8 mill. i 2019. Finnøy fekk ein kompensasjon på kr 1,5 mill. gjennom overgangsordninga for kommunar som frivillig slår seg saman (siste år).

Veksten i inntekter for kommunesektoren i landet i 2019 kom i stor grad innan skattevekst. I motsetnad til gjennomsnittskommunen erfarte Finnøy negativ skattevekst i 2018, noko som slo uheldig ut i siste fase av budsjettarbeidet for 2019. Inntektsutjamning blir berre føreteke med 60 % for å jamne ut forskjellar i skatteinntekter mellom skattesvake og skattesterke kommunar.

Lågare vekstføresetnader blei i stor grad innarbeida i budsjettet for 2019, i hovudsak med ein kortsiktig finansiering av eit langsiktig lågare inntektsnivå.

Nyare nasjonale anslag på auka skattenivå for kommunane i 2019 blei i minimal grad innarbeidd i skattetala for Finnøy i løpet av året. Ved årets slutt blei skatteinngangen i Finnøy kr 90,71 mill. og tilnærma som budsjettert med ein vekst på 0,5 % samanlikna med 2018. Kommunane i landet fekk ein vekst på 4,7 % i 2019. Skatt per innbyggjar i Finnøy falt frå 92 % til 90,2 % samanlikna med resten av landet. Dette ga ei auka inntektsutjamning på kr 0,9 mill. utover budsjettert for Finnøy.

Der låg ingen omstillingstiltak inne i budsjett for 2019. Årsaka til dette er at det var behov for kapasitet i 2019 til å byggje den nye kommunen. Rådmannen åtvara likevel gjennom året mot å sleppe merksemda på framleis knappe rammer i tida framover. Konsekvensane for endringar i inntektssystemet med verknad frå 2017 og tendensar til negativ folketalsutvikling er ei utfordring som merkast i endra rammeføresetnader for Finnøy.

Stortinget vedtok i 2016 at det skulle opprettast eit statleg havbruksfond. Første utbetaling frå havbruksfondet var i 2017, der Finnøy kommune fekk om lag kr 0,9 mill. Finnøy har ein betydeleg del havbruk, og dette gav ei stor avkasting i 2018 på vel kr 45,8 mill. I 2019 blei kommunen tildelt kr 7,8 mill. Havbruksfondet har gjort det mogleg å realisere store investeringar som til dømes utbygging av Pleie- og omsorgssenteret. Rådmannen er likevel tydeleg på at utsiktene til årlege store inntekter er usikre.